Om Våge skule

 Bømlo kommune tek frå skuleåret 2021/2022 i bruk Vigilo som oppvekstadministrativt system for skule.

SFO og barnehagar i kommunen brukar allereie løysinga.

 

Føresette kan logge inn på løysinga ved å gå til vigilo.no/bomlo og logge inn med BankID.

Her finn ein også nedlasting av app, informasjon og veiledningar.

Olaug Hovda

 

 

Våge skule ligg i fine naturområde på Våge, omlag 2,5 km sør for Kulleseidkanalen. I same området ligg Espira Finnås barnehage. Skogen og terrenget i nærområdet innbyr til fysisk aktivitet for små og store elevar. Våge skule er ein 5-delt barneskule. 

Våge skule består av 3 skulebygningar. Dei to eldste vart teke i bruk i 1971/1973. Ved skulestart i august 2012 tok skulen i bruk nye klasserom i nybygget Paviljongen. Paviljongen inneheld 2 klasserom med tilhøyrande grupperom og elevtoalett. Elevane har god plass i lyse og trivelege klasserom. Elevane på 1. og 2. trinn er i år brukarar av bygget. 

Skulen har eige SFO-tilbod med 27 påmelde born dette skuleåret. SFO held til i gymsalbygget. Skulekjøkenet vart renovert i 2017, og  hausten 2019 fekk SFO sitt eige base-rom.

Skulen har eige bibliotek i samarbeid med Bømlo folkebibliotek.

Til toppen