Nærskule og skulekrinsgrenser

Elever i grunnskulen har rett til å gå på nærskulen. Dette følgjer av opplæringslova § 8-1 første ledd første punkt, der det står at elevane

”har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til.” 

Nærskuleprinsippet og skulekrinsgrenser

Opplæringslova § 8-1 første ledd andre punkt gir kommunen heimel til å fastsetja forskrifter; ”om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til.”

Statsforvaltaren i Vestland har informasjon om nærskuleprinsippet på sine sider. Kommunane må følgja geografien når dei vedtek skulekrinsgrenser. Det må vera særs gode grunnar til at elevane ikkje får gå på den skulen som ligg nærast heimen.

Informasjon om nærskuleprinsippet

 

Vedtekne skulekrinsgrenser i Bømlo (PDF, 374 kB)

 

Kva skulekrins i Bømlo soknar du til?

Sjekk adressa di i Norgeskart 

Norgeskart (Fonnakart) 

Slik navigerer du (fungerer ikkje på mobil)

  • Opne kartet, vel kommune i meny oppe til venstre
  • Bruk  menyfelt til høgre, og vel Bømlo, deretter merk av for Barneskulekrinsar
  • Skriv inn di adresse, søk og klikk/opna feltet for Barneskulekrinsar - då kjem skulekrinsen opp saman med Vis i kart.
Til toppen