Skuleskyss

Opplæringslova § 4-1 gir nokre elevar rett til gratis skuleskyss: 

  • Elevar på 1. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn to kilometer frå skolen. Elevar på 2. til 10. trinn har rett til gratis skyss dersom dei bur meir enn fire kilometer frå skolen.
  • Elevar har rett til gratis skyss dersom ein del av vegen er særleg farleg eller vanskeleg.
  • Elevar som treng båttransport, har rett til slik transport gratis.
  • Elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, har rett til gratis skyss til og frå skolen og skolefritidsordninga. Retten til skyss til og frå skolefritidsordninga gjeld ikkje i skoleferiane.
  • Elevar som har fleire heimar, har rett til skyss til og frå kvar heim som oppfyller vilkåra for rett til skyss.

Skyssansvar

Fylkeskommunen v/Skyss har ansvaret for skuleskyss som gjeld avstand på over 2 km (1.kl) og 4. km (2.-10.kl) mellom heim og nærskule, båtskyss og skyss for elevar med rett til medisinsk skyss. Kommunen har ansvaret for skyss der eleven ikkje går på nærskulen og for elevar med under 2km/4km avstand mellom heim og skule kor vegen er vurdert til å vera for farleg og vanskeleg å meistra for eleven utifrå elevens alder og føresetnader.

Det er Skyss som organiserer skuleskysstilbodet på Bømlo på vegne av Vestland fylkeskommune og Bømlo kommune. Skyss inngår avtalar med transportørar. På Bømlo er det transportselskapet Tide som køyrer bussane. Tide inngår avtalar med taxiselskap på nokre av rutene. 

Skyss kan kontaktast dersom ein har noko ein vil melda. Kontakt Skyss

Dersom du meiner at barnet ditt har rett på gratis skuleskyss, må du kontakta skulen, som søkjer om skuleskyss på vegne av elevane.

Skyssbillett

Elevar som får rett til gratis skuleskyss, får Skoleskyssbillett  Skoleskyssbilletten må eleven alltid ha med seg, og visa sjåfør eller kontrollør dersom eleven blir beden om det. Det er føresette sitt ansvar å sørgja for at eleven har med seg gyldig skoleskyssbillett. Dersom elevar, som ikkje har rett til gratis skuleskyss, vil nytta offentleg transport til og/eller frå skulen, må eleven/føresette kjøpa billett (eller månadskort). Det er føresette sitt ansvar å sørja for at barnet deira ikkje reiser med bussen utan gyldig billett. Skulen eller transportselskapet har ikkje dette ansvaret.

Om eleven ikkje kan framvisa skoleskyssbillett eller kjøpt billett, eller fått spesielt løyve av sjåføren til å nytta skyssen utan dette, gjeld reglane for gebyr ved billettkontroll. Elevar blir ikkje vist av bussen ved manglande billett, men dei kan bli ilagt gebyr. For barn er gebyret 950 kr.

Elevar som bur slik til at det ikkje går offentleg transport, får tilrettelagt skyss, hovudsakleg med taxi. Andre elevar kan ikkje løysa billett/"sitja på" med slik tilrettelagt skyss. 

Informasjon om skuleskyss for grunnskuleelevar

 

Relevante nettsider:

 

Bømlo kommune sin Trafikksikringsplan (PDF, 3 MB)