Utleige av skulerom i Bømlo kommune

Lag og organisasjonar kan leiga skulerom, felles aktivitetar for barn og unge vert prioritert. Skulen sine eigne arrangement har forrang føre andre avtalar. Du kan leiga skulerom til private arrangement.

Søknad om leige av skulerom sender du på e-post til skulen der du ynskjer å leiga lokale, eventuelt kan du ta kontakt med skulen på telefon. Det er ikkje eige skjema for dette, men i e-posten opplyser du om dato, tid, kva rom og til kva formål, samt eiga adresse. Den som står som leigetakar er ansvarleg både når det gjeld bruk av rommet og i høve brannvern. Vedkommande vert òg mottakar av faktura for leiga.

Reglar for utleige (PDF, 99 kB)

Prisar for utleige finn ein på kommunen si side for prisar og gebyr. Desse gjeld utleige i vekedagar.

Prisar for utleige i helg må avtalast med skulen. (Rettleiande prisar for helg er henta frå eit vedtak i utval for Levekår i 2017). (PDF, 69 kB)

Nokre skular kan ha eigen informasjon ved utleige. Sjå skulen si eiga nettside.

Til toppen