SFO - Skulefritidsordninga i Bømlo

Alle barneskulane har eit SFO tilbod. Har du spørsmål som gjeld SFO, kontakt skulen der barnet ditt går/skal gå. 

Skulane planlegg SFO bemanning for dei borna som har/har søkt SFO plass innan søknadsfrist i april. Søknader om SFO plass eller auke i den SFO plassen ein har som kjem etter dette, vil berre bli innfridd om det er plass. 

For at det skal vera eit morgontilbod på SFO og på ettermiddagstid frå 15:40-16:00, må det vera påmeldt 12 eller fleire barn for at skulen skal tilby ei skulefritidsordning på desse tidene. Alle skulane har eit morgontilbod, og alle skulane unnateke Hillestveit, har eit ettermiddagstilbod heilt til kl 16.

Nasjonalt er det vedteke rett til gratis SFO tilbod på 12 timar pr veke for alle barn på 1., 2., og 3. trinn i skuleåret. Føresette må ha søkt om SFO plass innan søknadsfrist for å vera sikra plass.

SFO tilbodet følgjer skuleåret.  I Bømlo ligg dei gratis timane; kalla kjernetid, rett etter skuletid med ca 2,5 timar pr dag, og er frå skuleslutt og fram til kl 15:40.  Alle barneskulane vil ha eit SFO tilbod i desse timane.  

Elevar på 4. trinn kan kjøpa SFO plass, og elevar på 5.-7. trinn med særskilde behov, kan søkja om gratis SFO plass. 

I feriar kan ein kjøpa feriepakke på Felles SFO. Felles SFO er eit felles kommunalt tilbod, og vil finna stad på desse skulane:

Før skulestart i august: Svortland skule

Haustferie: Moster skule

Juleferie: Gilje skule 

Vinterferie: Rubbestadneset skule

Påskeferie: Våge skule

Etter skuleslutt i juni: Meling skule

Påmelding til feriepakkane skjer (i Vigilo) til eigen skule/SFO, som vidareformidlar informasjonen til skulen som er vertskap for det felleskommunale SFO tilbodet. Dersom barnet har særskilde behov (vedtak om ITO) og treng å bli fylgt av vaksen, vil heimeskulen senda med ein tilsett. Skulen som har ansvaret for det felles kommunale tilbodet, tek i mot borna som er påmeldt frå dei ulike skulane i den ferieperioden dei har ansvaret for det felles SFO tilbodet.  Det må vera påmeldt minst 8 barn for at feriepakke tilbodet skal starta opp. Alle som søkjer plass i ferie-SFO må betala for feriepakken dei bestiller, det er ingen gratis plassar i ferie-SFO (heller ikkje for barn med særskilde behov). 

Det er ingen skyssrett for borna til ferie-SFO. I skuleåret kan barn med særskilde behov ha rett til skyss til SFO, og barn med rett til gratis skyss som nyttar buss kan ta denne til SFO tider dersom det går buss då, men dette gjeld ikkje i feriar.

(Nokre barn med store særskilde behov og fysiske utfordringar, kan få eit avlastningstilbod på dagar i skuleferiar. Dette vil vera eit særtilbod til dei det gjeld - det er ikkje eit SFO feriepakke tilbod og inngår ikkje i den ordninga. Stadar for eit slikt tilbod vil sannsynlegvis vera Svortland skule for Bremnesområdet inkludert Rubbestadneset,  og Moster skule).

Etter innlogging i Vigilo vel føresette det alternativet ein ynskjer for sitt barn. 

Dette er alternativa:

SFO modell i Vigilo
SFO modell i Vigilo Plass % Timar pr veke Pris
4. klasse  - 100 % plass (morgon+kjernetid+ettermiddag) 100 Ca 22 3320
1.-3. klasse - 100 % plass (morgon+kjernetid+ettermiddag) 100 Ca 22 1501
1.-4. klasse morgonplass (frå kl 07:00 til skulestart) 35 7,5 1210
1.-3. klasse gratis kjernetid (frå skuleslutt til 15:40) 55 12  gratis
4. klasse kjernetid (frå skuleslutt til 15:40) 55 12 2016
1.-3. klasse ettermiddagstid (fram til kl 16:00) i tillegg til gratis kjernetid 10 + 55 = 65 1,7 + 12 291
4. klasse ettermiddagstid i tillegg til kjernetid 10 + 55 = 65 1,7 + 12 2307
1.-3. klasse morgonplass+kjernetid 35 + 55 = 90 12 + 7,5 1210
4.klasse morgonplass+kjernetid 35 + 55 = 90 12 + 7,5 3226
Feriepakkar på Felleskommunal SFO, lokalisert på ulike skular: aug-SVO, okt-MOS, des-GIL, feb-RUB, apr-VÅG, jun-MEL. Feriepakken er dagspris x tal dagar i feriepakken (haust og vinterferie er 5 dagar x dagspris)   9 t pr dg Dagspris i feriepakke er 200 kr. Prisen for feriepakken vil vera tal dagar x dagspris. Haustferie og vinterferie er på 5 dagar med feriepakkepris på kr 1000. Påskeferiepakke er på tre dagar med pris kr 600. Juleferiepakke, feriepakke i juni og feriepakke august vil ha tal arbeidsdagar x 200 kr.
Timepris (for barn med SFO plass, ekstra timar ved behov)     80
SFO modell i Vigilo Plass % Timar pr veke Pris

SFO plass for elevar med særskilde behov på 5.-7. trinn er gratis i skuleåret.

Søk SFO plass her

Bømlo kommune brukar Vigilo som søknadsportal 

Her finn du brukarveiledning for korleis du skal registrere søknad

Her finn de spørsmål og svar om pålogging

Informasjon om SFO: 

Skulefritidsordninga er eit tilbod for elevar i 1.-4. klasse. 

Barn med særskilde behov har rett til SFO tilbod frå 5.- 7. klasse. Dette tilbodet er gratis.

SFO er: inne og uteleik, kulturaktivitetar og sosial læring i eit fellesskap.

Rammeplan for SFO  

  • Det er SFO tilbod på skulane: Svortland, Meling, Moster, Rubbestadneset, Gilje, Våge, Foldrøy og Hillestveit.
  • Det ordinære SFO tilbodet på skulane fylgjer skuleruta.
  • Søskenmoderasjon på barn nr. to m/fl. på 25 %. Gjeld ordinær plass og dagar i felleskommunalt  SFO tilbod.
  • Oppseiingsfrist er 1 månad, rekna frå den første i kvar månad.
  • Det er halv sats for juni og august.
  • I feriar er kommunen sitt SFO tilbod felles, og vil vera lokalisert på ulike feriar på ulike skular. Her kan ein bestilla feriepakkar. Minstetal for igongsetjing av tilbod er 8 barn pr. feriepakke.
  • SFO er stengt i juli, då er det heller ikkje felles SFO tilbod.

 

Regjeringa sin SFO omtale

Søkja redusert foreldrebetaling for SFO?

Dette gjeld no for barn på 1. -  4. trinn, når familien oppfyller søknadskriteria.

Søknadsskjema i vigilo finn du her

Du søkjer redusert foreldrebetaling etter å ha logga deg inn i Vigilo (det er same stad som du søkjer SFO-plass)

Lenkjer

Udir.no: Moderasjonsordninger i skolefritidsordningen (SFO)

Rammeplan og vedtekter for skulefritidsordninga i Bømlo kommune (PDF, 538 kB)

Opplæringslova