SFO - Skulefritidsordninga i Bømlo

Alle barneskulane har eit SFO tilbod. Har du spørsmål som gjeld SFO, kontakt skulen der barnet ditt går/skal gå. 

 

Frå skulestart hausten 2026 har Bømlo kommune berre SFO tilbod i skuleåret. Ordninga med ferie SFO vert avslutta, sidan denne ikkje er lovpålagt. 

Om SFO:

Opplæringslova § 4-5

Forskrift på Lovdata: Forskrift om skulefritidsordninga ved grunnskulane, Bømlo kommune, Vestland

SFO er eit tilbod til elevar på 1.-4. trinn, og for elevar på 5.-7. trinn med særskilde behov.

SFO er inne og uteleik, kulturaktivitetar og sosial læring i eit fellesskap. 

Sjå Rammeplan for SFO , Regjeringa sin SFO omtale og Utdanningsdirektoratet sin SFO informasjon

 

SFO i Bømlo kommune:

  • Det er SFO tilbod på skulane: Svortland, Meling, Moster, Rubbestadneset, Gilje, Våge og Hillestveit.
  • SFO tilbodet på skulane fylgjer skuleruta.
  • Søskenmoderasjon frå barn nr. to på 25 %. 
  • Oppseiingsfrist er 1 månad*, rekna frå den første i kvar månad. Ein kan nytta plassen i oppseiingtida.
    • *Gjeld ikkje der SFO morgontilbod og sein-ettermiddagstilbod er kome i gong med berre 12 barn, her er påmeldinga bindane for eit semester om gongen.
    • *Etter søknadsfrist for neste skuleår; 1. april, kan ein ikkje seia opp plassen for inneverande skuleår.
  • Det er halv sats for juni og august.
  • SFO er stengt i alle feriar, og på planleggingsdagar og elevfrie dagar

 

Skulane planlegg SFO bemanning for dei borna som har/har søkt SFO plass innan søknadsfrist i april. Søknader om SFO plass eller auke i den SFO plassen ein har som kjem etter dette, vil berre bli innfridd om det er plass.

SFO tilbodet følgjer skuleåret.  I Bømlo ligg dei gratis timane; kalla kjernetid, rett etter skuletid med ca 2,5 timar pr dag, og er frå skuleslutt og fram til kl 15:40.  Alle barneskulane vil ha eit SFO tilbod i desse timane.

For at det skal vera eit morgontilbod på SFO og på ettermiddagstid frå 15:40-16:00, må det vera påmeldt 12 eller fleire barn for at skulen skal tilby ei skulefritidsordning på desse tidene. Dei fleste skulane har eit morgontilbod, og eit ettermiddagstilbod heilt til kl 16. (Våge har ikkje morgontilbod).

Nasjonalt er det vedteke rett til gratis SFO tilbod på 12 timar pr veke for alle barn på 1., 2., og 3. trinn. Føresette må ha søkt om SFO plass innan søknadsfrist for å vera sikra plass. Elevar på 4. trinn kan kjøpa SFO plass, og elevar på 5.-7. trinn med særskilde behov, kan søkja om gratis SFO plass. 

 

Bømlo kommune brukar Vigilo som søknadsportal 

Etter innlogging i Vigilo vel føresette det alternativet ein ynskjer for sitt barn. Prisane finn ein i søknadsskjema.

SFO plass for elevar med særskilde behov på 5.-7. trinn er gratis.

Søk SFO plass her

Her finn du brukarveiledning for korleis du skal registrere søknad

Her finn de spørsmål og svar om pålogging

 

 

Søkja redusert foreldrebetaling for SFO?

Dette gjeld no for barn på 1. -  4. trinn, når familien oppfyller søknadskriteria.

Søknadsskjema i vigilo finn du her

Du søkjer redusert foreldrebetaling etter å ha logga deg inn i Vigilo (det er same stad som du søkjer SFO-plass)

Lenkjer

Udir.no: Moderasjonsordninger i skolefritidsordningen (SFO)

Opplæringslova