Grunnskule ved BVO er eit tilbod til
- Vaksne som har rett til grunnskuleopplæring
- Vaksne som treng grunnlag for inntak i vidaregåande opplæring
- Minoritetsspråklege med liten eller ingen skulebakgrunn
- Vaksne som ikkje har tilfredsstillande utbyte av ordinært opplæringstilbod og har rett til spesialundervisning etter § 4A-2. PPT utarbeider sakkunnig uttale.
- Vaksne som har særlege behov for opplæring i grunnleggande ferdigheiter.
Opplæringa blir gitt etter §4A-1 og §4A-2 på grunnskulen sitt område. Opplæringa blir tilpassa den einskilde sitt behov og livssituasjon, og bli gitt individuelt eller i små grupper.
Slik søkjer du
Du kan ta kontakt med oss på e-post, på telefon eller ved å besøke oss i våre lokalar. Søknadsskjema kan fyllast ut elektronisk eller leverast på papir.
Du vil bli kontakta for å avtale tid for samtale og/eller kartlegging.
I samtale drøftar me dine ønskje og behov, ut frå kva det er du treng: rettleiing, opplæring, vurdering.
Me avtalar tid for nytt møte eller oppstart.
Søknadsskjema - grunnskuleopplæring for vaksne
Om grunnskuleopplæringa
- I grunnskulen kan du få opplæring i følgjande fag: norsk, matematikk, engelsk, samfunnskunnskap og naturfag. Kunnskapane og ferdigheitene dine i faga avgjer kor lang opplæringstid du treng.
- Undervisninga er hovudsakleg på dagtid og digitalt. Opplæringa blir tilpassa den einskilte sitt behov og livssituasjon.
På utdanningsdirektoratet si heimeside kan du lese meir om den norske læreplanen for grunnskulen.