Introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar

Bømlo vaksenopplæring har ansvar for introduksjonsprogram i kommunen. Innvandrarar mellom 18 og 55 år som blir busette i kommunen og har behov for grunnleggande kvalifisering får tilbod om introduksjonsprogram.

Introduksjonsprogrammet er eit heilårs- og fulltidstilbod. Programtida vil variere. 

Introduksjonsprogrammet består av kvalifisering ut personen sin medbrakte kompetanse. Programmet består av opplæring i norsk og samfunnskunnskap, språk- og arbeidspraksis og karriererettleiing. I tillegg andre kvalifiserande tiltak som til dømes grunnskule, vidaregåande skule, foreldrerettleiing og livsmeistring.   

 Her finn du lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova)

Til toppen