Realkompetansevurdering

Du som har rett til opplæring, har også rett til å verte realkompetansevurdert, dersom du ønsker det. Realkompetansevurdering er eit tilbod om å få prøvd kunnskapane dine og få godkjent det du kan, i høve dei krav læreplanen stiller. 

Som vaksen kan du ha tileigna deg realkompetanse gjennom skule, kurs, arbeidserfaring, fritidsaktivitetar og på andre måtar.

For deg som har gjennomført grunnskule i heimlandet, men manglar dokumentasjon, har kommunen ansvar for å vurdere om kunnskapane dine i faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag er så gode at du kan meistre nivået på vidaregåande skule. Det betyr at du må vurderast i forhold til måla i Læreplaner for førebuande opplæring for vaksne (FOV), og du må oppnå karakteren 2 eller betre for å få bestått. 

Realkompetansevurdering er gratis for deg som er busett i Bømlo kommune. 

Ta kontakt med Bømlo vaksenopplæring på telefon 53 42 36 90 eller epost bvopost@bomlo.kommune.no dersom du har spørsmål eller ønskjer meir informasjon. Vår besøksadresse er: Svortlandsvegen 17, 2.etasje 5430 BREMNES. 

På utdanningsdirektoratet si heimeside kan du lese meir om retningslinjer for realkompetansevurdering i vaksenopplæringa.