Klage

Du har rett til å påklaga kommunale enkeltvedtak. Dersom du nyttar deg av klageretten, vil ein annan instans enn den som har gjort vedtaket vurdera saka på heilt fritt grunnlag.

Klageorgan er brannsjefen.

Klagefristen er tre veker frå du fekk kjennskap til vedtaket.

Alle klager skal sendast til den kommunale instans som har gjort vedtaket. Dersom dei ikkje finn å kunna omgjera vedtaket, vil klagen verta sendt klageinstansen (brannsjefen) til endeleg avgjerd.

Ver merksam på at du som hovudregel har full innsynsrett i alle saksdokument som vedkjem di sak. Innsynsretten gjeld også om du ikkje nyttar deg av retten til å påklaga vedtaket.

Kundetorget eller vedkomande saksbehandlar kan gje meir utfyllande orientering om retten til klage og retten til innsyn. Kundetorget kan også hjelpa til med å skriva klagen for deg.

Publisert av Ragnhild Vad. Sist endra 27.04.2015
Fant du det du leitte etter?
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering