Helsetenester

Smitteutbrot med hepatitt A

Det pågår for tida eit utbrot med hepatitt A knytt til matservering ved Frognerseteren i Oslo. Det er påvist tilfelle i andre kommunar enn Oslo. Det er så langt ikkje meldt om tilfelle i Bømlo.

Folkehelseinstituttet anbefalar alle asymptomatiske personar som har spist mat tilberedt og servert ved Frognerseteren om å få hepatitt-A vaksine for å beskytte mot utvikling av sjukdom. Vaksinering må skje innan to veker etter besøk ved Frognerseteren. Frognerseteren vart stengt 2.august.

Vaksina skal skrivast på blå resept, og du skal ikkje betale for denne om du er rekna som nærkontakt.

Dersom du har vore på Frognereseteren for mindre enn 14 dagar sidan må du ta kontakt med fastlege for å få resept på vaksina. Du kan få sett vaksina på fastlegekontor, på helsestasjon eller på apotek. Merk at du kan måtte betale for å få satt vaksina på apotek.

Til toppen