Jordmortenesta

Jordmor tilbyr deg og din partner informasjon og kunnskap om svangerskap, fødsel og det å bli foreldre. Me undersøkjer om svangerskapet går som normalt, og tilviser deg til spesialisthelsetenesta dersom det er behov for det. Jordmor samarbeider med helsesjukepleiar og familierettleiar på helsestasjonen. Fastlegen din er også ein naturleg samarbeidspartner. 

Me har teieplikt og tenesta er gratis.

Kvar finn du oss?

Jordmortenesta er lokalisert på helsestasjonen på Bremnes i 2. etasje, Kyrkjegardsvegen 20, 5430 Bremnes.

​Postadresse:
Rådhuset v/Bremnes Helsestasjon
Leirdalen 1 
5430 Bremnes

Bestill time

Ring oss på telefon: 53 42 33 37 for å bestille time hos ei av våre jordmødre.
Telefonen er betjent kvardagar klokka 09:00-14:00. Lunsjavvikling kvar dag frå kl. 11.30 – 12.00.

Eller send ein e-post til Åse Østensen: Ase.Ostensen@bomlo.kommune.no
Skriv namnet ditt og telefonnummer i e-posten, så ringjer me deg for å avtale time.

For øyeblikkeleg hjelp

Kontakt fastlegen din eller legevakt på telefon: 116 117
Etter 24. svangerskapsveke ta kontakt med fødeavdelinga ved ditt lokale sjukehus.

Tilbodet hos jordmor

Du kan lese meir om innhaldet og kva du kan forventa i konsultasjonane hos jordmor på helsenorge.no  

Forutan vanlege svangerskapskonsultasjonar tilbyr me:

  • ein individuell samtale om fødsel med jordmor.
  • ein individuell samtale om ammestart.
  • heimebesøk av jordmor ca. 3-4 dagar etter heimreise frå sjukehuset.

Me nyttar i tillegg Stine Sofie Stiftelsen sin foreldrepakke med 10 smarte tips til alle småbarnsforeldre i samtalane på helsestasjonen. Last gjerne ned appen «10 smarte tips».

Barselgrupper

Helsestasjonen har eit frivillig tilbod om barselgrupper. Dei som ønsker å vera med i barselgruppe møter andre med termin same månad ein gong før fødsel, og to gonger etter fødselen. Dersom du går til jordmor på helsestasjonen vil du få ein skriftleg invitasjon i posten med treffpunkt for di gruppe.

På barselgruppetreffa vil du møte familierettleiar, helsesjukepleiar og jordmor. Målet med barselgruppene er at du og din partner skal bli kjent med andre foreldre, samt at det er ein god arena for å dele erfaringar rundt det å bli foreldre.

Familieplanlegging og prevensjon

Jordmor på helsestasjonen har kompetanse og kunnskap om familieplanlegging, og me tilbyr ein individuell samtale om prevensjon dersom du har behov for det etter fødselen.

Du kan få resept av jordmor på det prevensjonsmiddelet som passar deg og din livssituasjon. Jordmor tilbyr også innsetjing av hormonspiral og p-stav på helsestasjonen dersom du ønsker det. Det tilkjem ein eigenandel på innsetjing av spiral.

6-vekers kontroll etter fødselen vil foregå hos fastlegen din.

Jordmor
Kristin Mohr  Rykkje
Telefon: 53 42 33 37
Mobil: 452 78 232
epost: kristin.mohr.rykkje@bomlo.kommune.no

Jordmor
Åse Østensen  
Telefon: 53 42 33 37
Mobil: 976 16 243
epost: Ase.Ostensen@bomlo.kommune.no

Til toppen