Vaksine hjernehinnebetennelse
Smittsam hjernehinnebetennelse vert også kalla meningokokksjukdom. Det er ein sjukdom som kjem frå meningokokkbakterien. Friske ungdommar kan ha meningokokkar i halsen utan å kjenne seg sjuk, men kan likevel smitte andre som får alvorleg sjukdom. Hjernehinnebetennelse utviklar seg ofte raskt, og rundt 10 prosent av dei som får sjukdommen døyr.
Risiko for unge
Tal på tilfelle av meningokokksjukdom i Noreg er låg, men ungdom i alderen 16–19 år har høgare risiko for smitte. Det å vere mange ungdommar tett samla kan auke risikoen for smitte. Spesielt er det risiko for at tett kontakt med festing, deling av flasker, kyssing og lite søvn kan gje alvorleg sjukdom. Vaksinering i forkant av russefeiring, russeturar, festivalar, idrettssamlingar, ungdomsleir og liknande kan beskytte.
Ulike variantar av bakterien
Det finst ulike typar av bakterien. Vanlegast er A, B, C, W, Y. Dei fleste tilfelle i Noreg kjem av type Y, men elles i Europa ser vi også ein del av type B. Dei siste åra har type Y stått for dei fleste sjukdomstilfella blant ungdom i Noreg, i tillegg til nokre tilfelle av C og W. I 2023 påviste vi type B meningokokk i Noreg for første gong. Då viste 2 av 4 tilfelle meningokokksjukdom å vere type B.
Vaksine
Det finst to typer vaksine. Dersom du ynskjer å beskytte deg mot alle typar meningokokksjukdom må du ta begge vaksiner.
1. Meningokokk ACWY
- Vaksina består av ein dose
- Gratis for elevar i vidaregåande skule i Bømlo.
- Vert tilbod i regi av skulehelsetenesta
Bømlo kommune saman med fylkeskommunen tilbyr i tråd med råd frå FHI vaksine mot type ACWY gratis til alle i vidaregåande. Elevane fyller ut eigenerklæringsskjema og lege rekvirerer vaksinene. Helsesjukepleiar ved skulen set vaksina.
2. Meningokokk B
- Vaksina består av to dosar.
- Resept må skrivast av fastlege
- Pris ca 850 kr. pr dose + kostnad ved å sette vaksine.
Denne typen er du ikkje beskytta mot i vaksina som kommune og fylkeskommune tilbyr. Denne er særleg aktuell om du skal reise på større arrangement i utlandet