På døra er eit testprosjekt mellom Bømlo kommune og Posten for å prøve ut nye løysingar. av kommunal informasjon
Posten
Målet er å nå ut til dei som ikkje er digitale og hindra at nokon blir sitjande aleine utan å få vite om tilbod i nærmiljøet, slik at fleire eldre kan vera informerte, aktive og trygge i kvardagen.
«På døra» var under lanseringa i 2023 eit nytt informasjonsopplegg retta mot seniorar over 65 år. Kvar veke leverer postbodet eit to-siders informasjonsbrev på døra hjå 150 utvalde eldre i Bømlo. I tillegg får 350 informasjonsarket levert i postkassa.
Informasjonsarket inneheld ei side med oversikt over komande lokale aktivitetar, kulturtilbod og frivillige arrangement. Den andre sida har informasjon om kommunale tilbod, friviljuge lag og organisasjonar sine tilbod, eller korte meldingar og råd frå kommunen. Av og til kan det også omfatte nasjonale råd om t.d. helse, beredskap eller liknande.
Alt er formidla i eit enkelt og forståeleg språk tilpassa målgruppa. Informasjonen vert distribuert fysisk for å sikra at også innbyggjarar som ikkje nyttar internett eller sosiale medier får med seg kva som skjer. Brevet er meint å nå dei ikkje digitale, men kommunen legg informasjonsskrivet ut på våre nettsider og Facebook-side for at også dei som ikkje er med i piloten, og som er digitale eller har pårørande som ynskjer å følgja med, også kan få med seg informasjonen.
Kvifor har me «På døra»?
Hovudmålet med «På døra» er å møte fleire viktige utfordringar i samfunnet. Prosjektet skal nå ut til eldre som ikkje er digitale, og på den måten førebyggja einsemd og utanforskap. Ved å bringa informasjonen heim til dei over 67 år, håpar me å invitera fleire seniorar med på sosiale aktivitetar og frivillig arbeid, slik at dei kan vera aktive og engasjerte i nærmiljøet.
Samstundes skapar det ei lågterskel, personleg kontakt når postboda bankar på døra. Dette gjev ein hyggeleg prat i kvardagen for mange og kan bidra til at fleire får den sosiale kontakten som gjer det mogleg å bu lengre heime, som også er eit politisk mål i Bømlo kommune. Kort sagt handlar det om å bruka Posten sitt unike landsdekkjande nettverk på ein ny måte, til å formidla kommunal informasjon og kulturtilbod til dei som treng det. Dette vert også sett på som viktig i samanheng med totalberedskapen vår.
Kven står bak og kor lenge varer piloten?
På døra er ein del av eit nasjonalt pilotprosjekt i regi av KS, utvikla i samarbeid med Posten Norge (Posten Bring AS) og med fleire kommunar som deltakarar. Bømlo kommune kom med i piloten i august 2023, og om lag 500 heimebuande eldre (67 år og oppover) i Bømlo er tilfeldig utvalde av Posten som testmottakarar av brevet. Piloten i Bømlo vart forlengja ut 2025, og dekkjer no også første del av 2026. Ei undersøking blant mottakarane, også i Bømlo, viser at nesten alle brukar informasjonsskrivet og er nøgde med det. Om lag 8–9 av 10 les breva som dei får på døra, og rundt 35–40% har delteke på aktivitetar dei fekk kjennskap til gjennom infoskrivet.
Vegen vidare
Pilotprosjektet er no prøvd ut i fleire kommunar. Erfaringane så langt er positive, og KS ynskjer at ordninga kan bli vidareført som ei landsdekkjande teneste for eldre også etter pilotperioden. Det pågår diskusjonar på nasjonalt nivå om korleis ei permanent ordning kan finansierast og organiserast. Bømlo kommune deltek aktivt i samarbeid med KS, og vil vurdera vidareføring av «På døra» lokalt så snart det kjem avklaring nasjonalt.
Kontaktinformasjon Bømlo kommune
Elisabeth Holme Knutsen - rådgjevar kultur og idrett - Mobil 91 16 53 77
Johanne Kristiansen - rådgjevar folkehelse og frivilligheit - Mobil 45 38 26 42
NB: Kontakt oss om du vil reservere deg mot å motta dette informasjonsskrivet
Nei. Førebels er «På døra» avgrensa til eit utval på ca. 500 seniorar som deltek i testperioden. Desse er tilfeldig plukka ut av Posten, for å prøva ut ordninga og måla effektane. Tenesta er gratis for mottakarane. I framtida håpar me at tilbodet kan bli utvida til fleire eldre dersom pilotprosjektet vert vellykka
«På døra» gjev eldre lett tilgjengeleg informasjon om kva som skjer i lokalsamfunnet vårt. Det kan inspirera fleire til å delta på sosiale aktivitetar, kulturarrangement og frivillige tilbod dei elles kanskje ikkje ville ha fått med seg.
Det at postbodet personleg leverer brevet, kan vera eit lyspunkt i kvardagen for mange, med ein hyggeleg prat og eit smil på dørstokken.
Pilotprosjektet «På døra» er gjennomført i fleire kommunar, og KS arbeidar for å få på plass ei nasjonal ordning i framtida. Både Bømlo og andre kommunar har gode erfaringar med denne måten å informera innbyggjarane på.
Vidareføring og eventuell utviding av tilbodet etter pilotperioden vil avhenge av nasjonale avgjerder om finansiering og samarbeid med Posten. Bømlo kommune kjem til å informera om vegen vidare så snart det er avklart kva som skjer vidare nasjonalt.
Du kan ta kontakt med Bømlo kommune for meir informasjon.
Kontaktinformasjon:
Elisabeth Holme Knutsen - rådgjevar kultur og idrett - Mobil 91 16 53 77
Johanne Kristiansen - rådgjevar folkehelse og frivilligheit - Mobil 45 38 26 42
Kontakt oss om du vil reservere deg mot å motta dette informasjonsskrivet
Om du allereie er mottakar av informasjonsbrevet og saknar noko i innhaldet, kan du også gi tilbakemelding til Posten via e-postadressa: kommunetest@posten.no27