Bømlo si dagsturhytte

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar- eit turmål, ein plass å ete nista si, ein stad å få litt varme i seg - og ein stad mange kan nå. Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, kommunane og Sparebankstiftinga/Sparebanken Sogn og Fjordane.

Bilde av dagsturhytta på Barmane - Klikk for stort bileteDagsturhytta på Barmane

Bømlo si dagsturhytte vart opna i august 2021 og du finn den på Barmane/Goddo. Etter ein namnekonkurranse vart hytta heitande "KUREBU".

Sjå filmen om Kurebu her

Hytta har eit rom på ca 17 m2, ein liten hems og har solcellepanel og vedomn. Hytta er utstyrt med eit minibibliotek med bøker til bruk på staden. Rundt hytta er det bygd terrasse med sitjeplassar. Det er utedo i tilknyting til hytta.

Bømlo kommune har inngått tilsynsavtale med Bømlo turlag for hytta.

Korleis kjem du til hytta?

Køyr riksveg 5004 via Urangsvåg til Kinnestraumen bru. Skilta parkering til Helgeplass.

Løypa er ca 2,6 km frå parkeringsplassen.

Finn ut meir om turmålet 

Bruk basert på tillit

Dagsturhytta vil stå open og ulåst for alle. Med dette legg ein opp til at ein stoler 100 % på dei som besøker hytta. Det er ikkje lov å overnatte, og det er heller ikkje høve til å koka mat i hytta. Hundar skal ikkje inn i hytta.

Ved spørsmål, ta kontakt med rådgjevar for kultur og idrett:

 Tlf 911 65 377 eller Send e-post 

Til toppen