Friluftsområde og badeplassar

Friluftslivet i Bømlo er mangfaldig og gjev rom for eit spekter av opplevingar på sjø og land.

Friluftsområda i Bømlo

Det finst fleire tilretttelagde frilutftsområde og badeplassar i kommunen vår. Dei fleste ligg ved sjøen og blir forvalta av Friluftsrådet Vest.

Kartlegging og verdisetting av friluftsområde

For å få betre oversikt over kva område som blir nytta til friluftsliv og rekreasjon, har Bømlo kommune ilag med Bømlo Turlag, kartlagt friluftsområde i heile kommunen.

Kartlegging og verdsetting har følgt ein nasjonal metodikk utarbeidd av Miljødirektoratet.

I tillegg til informasjon om kva område som blir nytta, har kartlegginga gitt informasjon om kva aktivitetar områda blir nytta til, i kva grad områda er tilrettelagt og kor stor bruken er. Dette er nyttig informasjon som eit kunnskapsgrunnlag i arbeid med arealplanlegging i Bømlo kommune og i arbeidet med å leggja til rette for at befolkninga kan ha eit variert og aktivt friluftsliv.

Kart over friluftsområde i Bømlo (PDF, 28 MB)

I tillegg til kart i lenka over, finn ein også kart på https://kart.naturbase.no med fargar etter verdi.

Tell tur

TellTur er friluftsområda sine landsomfattande system for turregistrering. Her kan du finna turmål og registrera resultatet for deg og din familie.I første rekke er TellTur ein konkurranse der du konkurrerer med deg sjølv om å vera meir aktiv ute, men også med andre turgåarar om å nå fleire mål i ditt nærmiljø.

I Bømlo er det mange turar for små og store. Mange turar er lette og enkle, nokre meir krevjande. TellTur på Bømlo er eit samarbeidsprosjekt mellom Friluftsrådet Vest, Bømlo kommune og Bømlo turlag.

Bømlo kommune har premiering for TellTur kvart år.

Nettside for telltur med oversikt over turmål

Vasskvalitet på badeplassane 

I sommarsesongen målar me vasskvalitet* på utvalde badeplassar og friluftsområde i kommune. Det blir målt ved desse badeplassane:

  • Hiskjo
  • Djupedalen
  • Furuneset
  • Åreiddalen
  • Vevik
  • Narravikjo
  • Gruvo - Moster

*Badevatnet blir analysert for såkalla termostabile koliforme bakteriar (TKB). Dette er tarmbakteriar frå menneske og dyr som ikkje overlever lenge i naturen. Difor er TKB- prøvar ein god indikator på fersk forureining. Godt eigna badevatn skal ha mindre enn 100 TKB per 100 mililiter vatn. Helsemyndigheitene frårår bading dersom TBK- nivået er over 1000.

Måling av badevasskvalitet juli 2021

Kvifor målar me vasskvalitet og kvifor ikkje på alle badeplassar?

Hovudoppgåva vår er å sikra trygt badevatn. Difor tar me prøvar på badeplassar som blir brukt av mange. Prøvane blir tatt for å sikra at miljøet ikkje blir påverka av menneska. Dette er meir sannsynleg i område med tett busetnad, og grunnen til at me tar prøvar der mange går. Prøvane blir tatt i juni.

Til toppen