
Du finn faste, organiserte aktivitetar for barn og unge i Bømlo på www.aktivitetforalle.no - Her kan du også gå inn for å bruke fritidskortet til å betala ei rekning du har fått for ein medlemskontingent eller deltakaravgift eller få refundert slike betalingar.
Merk at det tar om lag ei veke frå du har betalt fakturaen til betalinga blir registrert i fakturaportalar osv.
Me vil gjerne at lag og organisasjonar registrerer seg og sine aktivitetar, slik at dei blir synlege i portalen.
Saknar du ein aktivitet du deltek på, er det ein aktivitet du kunne ønske var i Bømlo eller har du spørsmål? Send oss gjerne epost på fritidskortet@bomlo.kommune.no.
Presentasjon med informasjon og brukarrettleiing om Fritidskortet (PPTX, 2 MB)
Fritidskortet pluss
Fritidskortet + (Pluss) er ei ordning for å betale restbeløpet utover 1000 kroner til deltakaravgifter til organiserte fritidsaktivitetar.
Tilbodet er til dei familiane som av ulike årsaker treng ekstra støtte til deltakaravgifta til bornet/borna sine. Fritidskortet + er ikkje ein rettigheit, men eit tilbod for at alle born kan delta i éin organisert fritidsaktivitet uavhengig av foreldra si inntekt og livssituasjon.
Ordninga gjeld ved betaling av faktura gjennom portalen aktivitetforalle.no og ikkje ved refusjon. Fritidskortet + gjeld til og med 31.07.22.
Om du meiner at bornet ditt treng fritidskortet +, kan du senda ein førespurnad til oss gjennom skjemaet nedanfor.
Søk om fritidskortet + her (felles søknadsskjema for Bømlo, Stord og Fitjar via Stord kommune sine nettsider)
Kommunen vil handsame førespurnaden så raskt som råd og leggje til aktuelt beløp på fritidskortet til bornet ditt jf. førespurnad om restbeløp.
Studentoppgåve om fritidskortet og tilrettelegging for barn og unge i Bømlo kommune
Hausten 2021 har ei studentgruppe med vernepleie og sosial arbeid-studentar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) intervjua lag, organisasjonar og deltakarar om deira erfaringar med fritidskortet og tilrettelegging for barn og unge. Funna vil liggja til grunn for vidare arbeid med innføring av fritidskortet og tilrettelegging av fritidskortet.
Rapport om fritidskortet og tilrettelegging barn og unge i Bømlo kommune (PDF, 195 kB)
Kva er fritidskortet?
Hausten 2021 og våren 2022 er Bømlo, Fitjar og Stord pilotar for fritidskortet. Fritidskortet er eit prosjekt for å inkludere fleire barn og unge i faste, organiserte fritidsaktivitetar.
Alle barn i alderen 6-18 år i pilotkommunane får 1000 kr i halvåret til å dekkja deltakaravgifter til faste organiserte fritidsaktivitetar. I tillegg samarbeider kommunen og lag og organisasjonar om å lage ein nettportal med oversikt over aktivitetar i kommunane våre og ordningar for å dekkja fleire kostnadar for barn og unge som har behov for det.
Bruk av fritidskortet
Absolutt alle i riktig aldersgruppe! Hausten 2021, får alle barn født mellom 2003 og 2015 tilgang til Fritidskortet.
Barn over 13 år med eigen BankID kan logge inn og bruke Fritidskortet sjølv, medan for barn under 13 må den føresette med same bustadadresse som barnet oppretta brukar og leggja til borna i løysinga.
Sysken får eit fritidskort kvar. Pengane på fritidskortet tilhøyrer kvart einskild barn, og pengane kan ikkje overførast til sysken eller andre born.
Påloggingsbilete for registrering ny brukar FritidskortetFor å hente ut Fritidskortet må du oppretta ein brukar på Aktiv Fritid.
Klikk på "Ny bruker", og opprett ein brukar. Det kan være lurt å bruke telefonnummeret ditt eller e-postadressen din som brukarnamn, slik at du har eit brukernamn du hugsar.
Dersom du er over 13 år og har mulighet til å logge inn med ID-porten, kan du gjera dette sjølv. Dersom du er under 13 må ein forelder/føresett med lik bustadsadresse som deg gjera det. Hugs å ha klar heile fødselsnummeret til alle barn som skal få kort.
Når fakturaen frå lag og organisasjonar kjem, legg de inn kontonummer og evt. KID og inntil 1000,- kroner av fakturaen blir betalt. Resten betalar de på vanleg vis via nettbank, med samme bankkonto og KID, men berre restbeløpet. Alternativt kan de bruka Vipps.
Fritidskortet kan brukast på deltakaravgifter i fast, organisert fritidsaktivitet. Det betyr at det kan brukast til å betala til dømes medlemskontingentar og andre deltakaravgifter, men ikkje til dømes cup, leir eller utstyr til aktiviteten.
For at aktiviteten skal kunne utløyse bruk av fritidskortet må den vere definert som ein fast organisert fritidsaktivitet. Kriteria er at aktiviteten skal vera planlagd med eit program, ha ein leiar som styrer aktiviteten og ha minimum åtte treffpunkt i halvåret. Talet på gongar er sett for å leggja til rette for tilhøyrsle i eit fellesskap.
Finn du ikkje noko som passar deg og dine interesser, vil me gjerne veta det.
Det kan være andre barn og unge i Bømlo som saknar akkurat det same tilbodet!
Du og dine venner eller dine foreldre/føresette kan òg starte dykkar eigen klubb med midlar frå dykkar eigne Fritidskort! Ta gjerne kontakt med oss for å få veta meir om kva som skal til!
Kontaktperson for folkehelse og frivilligheit i Bømlo kommune
Nokon trivst best med eigenorganisert aktivitet som å gå turar, skate eller heilt andre ting. Ettersom Fritidskortet skal bidra til at alle som vil delta i ein organisert aktivitet skal ha råd og moglegheit til det, er det berre det Fritidskortet kan brukast til. Om du ikkje ønskjer det, får du dessverre ikkje brukt Fritidskortet ditt.
Då kan du bruke Fritidskortet ditt til å betala delar av rekninga. De betalar så restbeløpet på vanleg måte i nettbanken, med same konto- og KID-nummer, men berre det beløpet som ikkje Fritidskortet dekka.
Bømlo kommune har også ei ordning kalla Fritidskortet +. Dei som av ulike årsakar ikkje har råd til å betala restsummen, vil få høve til å søkja om å få dette dekka.
Eit anna alternativ er å prøva å finna ein aktivitet som kostar under 1000 kroner i halvåret. I den digitale plattformen blir det synlig hva hver aktivitet koster pr. halvår.
Nei, dessverre – Fritidskortet er som eit gavekort med ein utløpsdato. Pengane du får på Fritidskortet i haust, kan berre brukast i haust. Pengane du får til våren, kan berre brukast det halvåret.
Me vonar flest mogleg organisasjonar kan dela opp kostnadane/fakturaar på de to halvåra, slik at det blir mogleg å betala mest mogleg av aktiviteten med Fritidskortet.
Pengane kjem frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUFDIR). Dersom du vil lesa meir om pilotprosjektet, kan du finna meir informasjon på BUFDIR sine nettsider.
Bømlo, Stord og Fitjar er pilotkommuner i perioden 1. august 2021 til 31. juli 2022. Kva som skjer etterpå, veit me ikkje. Regjeringa har sett i gang pilotprosjektet fordi dei vil gjera dette til eit nasjonalt tilbod, og Bufdir og alle pilotkommunane jobbar for å finne gode løysingar som gjer det lett å drifta eit slikt tilbod over heile landet. Kva politikarane bestemmer etter at prøveperioden er over, det veit ingen. Me vonar på det beste!
Prosjektet finnst fordi barn har rett til å delta i fritidsaktivitet, og det er både politikarar, kommune og det frivillige organisasjonslivet einige om. Det er grunnen til at Fritidserklæringen vart laga. Dette prosjektet er ein del av arbeidet med å nå måla i Fritidserklæringen. For å bidra til at fleire får delta, testar me no om ein tusenlapp i halvåret kan bidra til at fleire barn kan delta i ein fast, organisert fritidsaktivitet. Me arbeider også med å laga ein god digital plattform for å synleggjera kva aktivitetar du kan drive med i kommunane våre.
For å kunne sørga for at alle i riktig målgruppe får tilgang til sitt Fritidskort, får bruka det slik målet med prosjektet er, og at berre dei sjølv og/eller deira føresette får moglegheit til å styra bruken av barnets Fritidskort, må me samla inn og lagra nokre personopplysningar. Personopplysningane me nyttar er namn, bustadadresse, fødselsnummer, kontaktinformasjon, saldo og historikk på det aktuelle Fritidskortet og i nokre tilfelle kontonummer.
Dette gjeld berre for dei som vel å registrera seg i den nye digitale plattformen og ta i bruk sitt/sine barns Fritidskort - me hentar ikkje opplysningar om andre frå målgruppa før familien sjølv aktivt registrerer seg og godtek vilkåra for handsaming av personopplysningar.
Lag, organisasjonar og aktivitetar og Fritidskortet
Så mange som mogleg! I den nye digitale plattformen, vil me gjerne ha med heile den flotte breidda av aktivitetstilbod som finnst i Bømlo, Stord og Fitjar - og kanskje til og med nokre nye? Kanskje de vil starta skatekurs, bokklubb, forskarklubb, cheerleadinglag, matlagingsverkstad eller mekkeklubb?
Me er i ferd med å leggja inn lag, organisasjonar og aktivitetar slik at de kan visast i portalen når den blir lansert. For å leggja inn ditt lag, organisasjon og aktivitet er det flott om de fyller ut dette skjemaet med kontaktinformasjon, informasjon om aktivitetar og økonomi.
For at aktiviteten skal kunne utløyse bruk av fritidskortet må den vere definert som ein fast organisert fritidsaktivitet. Kriteria er at aktiviteten skal vere planlagt med eit program, ha ein leiar som styrer aktiviteten og ha minimum 8 treffpunkt i halvåret. Talet på gongar er sett for å leggje til rette for tilhøyrsle i eit fellesskap. Kommunane vurderer om aktivitetane skal merkast med "Fritidskortet" når dei er meldt inn - dersom ein aktivitet ikkje kan dekkast av fritidskortet kan den likevel visast i oversikta vår!
Ta gjerne kontakt med lene.borgen.waage@bomlo.kommune.no om de har spørsmål eller innspel!
JA! Aktivitetar som er gratis er ekstra viktige å få vist fram i aktivitetsoversikten vår!
Ja, me trur absolutt det! Det har to fordelar for dykk:
- De blir synlege i ei aktivitetsoversikt dei aller fleste av Bømlo sine barnefamiliar kikkar innom i løpet av dei neste månadane, og
- De kan bli ein del av «Fritidskortet-menyen», og kan både bidra til prosjektet og medlemmane kan få dekka deltakaravgifta gjennom desse statlege midlane. Frå pilotkommunane som har vore med i eitt år, rapporterast det at mange organisasjonar har fått auka mengd medlemmar og fleire medlemmar betalar.
Me vil markedsføra prosjektet mykje etter sommaren, og då er det bra for både oss, dykk og familiane om plattformen har informasjon om mange fristande aktivitetar!
- Alle organisasjoner som vil at familier skal kunne betale aktiviteten deres med Fritidskortet, må registrera kontaktinformasjon, aktivitetar og økonomisk informasjon i eit registreringsskjema. For mindre lag og organisasjonar vil me i kommunen oppdatera informasjon for dykk. For større lag og organisasjonar vil me be dykk laga ein brukar for å vedlikehalde informasjonen i portalen sjølve.
- Om aktiviteten dykkar foregår færre enn 8 gongar per halvår/sesong, må de auke mengd treff/treningar/øvingar for at aktiviteten skal godkjennast for Fritidskortet-betalingar.
- Om dere fakturerer for eit heilt års aktivitet kun på ein faktura eller innanfor eitt halvår, ønskjer me at de fordeler fakturaane utover begge halvåra. Fritidskort-saldoen kan nemleg ikkje sparast frå eit halvår til neste halvår, og om utgiftane er jamnare fordelt utover begge halvår kan familiane få full nytte av både dei 1000 kronene barnet får i haustsemesteret, og dei nye 1000 kronene dei får i vårsemesteret.
- Me kjem til å invitera til temasamlingar om aktuelle tema i løpet av året - me vonar de vil delta og vera med på å oppfylle målet om at fleire barn og unge deltek i fritidsaktivitetar i kommunane våre!