Nyheitsbrev mai 2023

Rådgivar for folkehelse og frivilligheit sender kvar månad ut eit nyheitsbrev til alle lag og organisasjonar som har registrert kontaktperson i Bømlo. Ynskjer ditt lag og organisasjon å motta nyheitsbrev, kan de sende kontaktinformasjon til postmottak@bomlo.kommune.no merka med påmelding til nyheitsbrev lag og organisasjonar.

Kjære alle lag og organisasjonar,

Først av alt – Tusen takk til alle som har svart på spørjeundersøkinga i samband med kommunedelplanarbeidet for kultur, idrett og frivilligheit. Me har trekt ut tre lag/organisasjonar som får 5000,- og det vart Dissimilisgruppa the Jokers, Mannskoret Havdur og Moster sogelag – Gratulerer, de blir kontakta direkte i løpet av veka! Me har også laga ei oppsummering (PDF, 207 kB) som ligg ved her og som blir brukt aktivt i det vidare arbeidet, mellom anna i lag med oppsummeringa frå dialogmøte for lag og organisasjonar og dialogmøte med grendautval. Me tek sikte på å jobba fram eit veldig tidleg utkast før sommaren, og ha aktive høyringsprosessar utover hausten før den politiske handsaminga.

  • Me har tre ungdommar som dei neste vekene tek kontakt med fleire av dykk for å leggja inn eller oppdatera informasjon på www.aktivitetforalle.no – slik sikrar me oppdatert informasjon. Når hausten kjem og aktivitetar og arrangement vil bli sett i gang, vil me då kunne jobba aktivt for å gjera sida kjent. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål eller vil ha hjelp til oppdatering eller registrering.
  • Neste veke er det politisk møterunde. Det er mange sakar denne runden og døme på sakar som kan ha særskilt interesse for dykk er aktivitetsmidlar 1. halvår 2023 (Utval for næring, innovasjon, idrett og kultur 30.5), busetjing av flyktningar – geografisk fordeling i kommunen og eit pilotprosjekt der posten skal testa ut personleg utlevering av post til utvalde seniorar (Utval for Levekår), Utval for Areal og samferdsle får mellom anna status om arbeidet med kommuneplanens arealdel, Formannskapet har mellom anna sakar om budsjettrevisjon, framdriftsplan Våge skule, prosjekt i Moster fram mot 2024, sak om fiskerihamna og fråsegn om hovudlinjenett innan kollektivtransport og Utval for natur, miljø og klima skal mellom anna handsama utkast til klimaplan.
  • Aktuelle høyringar (frå https://www.bomlo.kommune.no/aktuelt/offentlege-hoyringar-aktuelle-saker/). Alle planane har frist for merknader til 31.05.
    • Detaljregulering for høgdebasseng Erevik, 63/4 og 32, PlanID: 202202 er lagt ut til offentleg ettersyn.
    • Detaljreguleringsplan for fritids- og turistføremål Saltkjelen gnr. 84/96 m.fl. Mækjebakken, planid 201714, er lagt ut til offentleg ettersyn.
    • Detaljreguleringsplan for fritidsbustadområde Sandholmen 86/98 m.fl. Innvær, Planid 202104 er lagt ut til offentleg ettersyn.
    • Detaljreguleringsplan for Stokknespøyla Alvsvåg, gnr/bnr/ 110/226, planid 201909 er lagt ut til offentleg ettersyn.
    • Detaljreguleringsplan for naust- og næringsområde gnr. 54, bnr. 44 m.fl. Langevåg. PlanID 202105 er lagt ut til offentleg ettersyn.

Aktuelle søknadsfristar:

  • Lotteri- og stiftelsestilsynet: Straumstøtte (frist 24.5 kl 13)
  • Skoglifondet: Tilstak som bidreg til heseførebyggande arbeid (frist 1.6)
  • Forsvarsdepartementet: Organisasjoner som ønske å støtte opp om Forsvarets oppgaver eller bidra til å styrke befolkningens kunnskap og forståelse av norsk forsvars- og sikkerhetspolitikk, samt stimulere til en opplyst forsvarsdebatt (frist 1.6)
  • Eternistiftelsen: Gode kvardagsopplevingar for barn og unge (frist 1.6)
  • Würth Norge: Lokale frivillige idrettslag, motorsport team og kulturaktører kan søke Wurth Norge AS om sponsormidler til forskjellige formål innen idrett og kultur. Støtten kan være penger eller utstyr som selskapet har i sitt vareutvalg.(frist 1.6)
  • Klima- og miljødepartementet: Skapa engasjement for klima- og miljøsaker, simulera til miljøaktivitet (frist 1.6)
  • LNU: Mangfald og inkludering (frist 1.6)
  • Stiftelsen Dam: Forsking – i samarbeid med etablerte forskingsmiljø (frist 10.6)

Ønsker dykk alle ein flott slutt på mai! Til orientering skal eg over i ny stilling i Vestland fylke frå august av. Ein er no i gang med rekruttering til stillinga som rådgivar for folkehelse og frivilligheit og me håpar derfor at ny person blir på plass rett etter sommaren.

Beste helsing Lene Borgen Waage

Til toppen