Bømlo symjehall har ein badebutikk, samt ein kiosk.
I badebuttikken kan du mellom anna få kjøpt badetøy, symjebriller, dykkeleiker, øyreproppar, neseklype, baderingar, badehetter mm. Me har utstyr av god kvalitet og i ulike prisgrupper. Her kan ein finna badetøy og symjebriller om ein trenar aktivt eller om ein ønskjer badedrakt som høver meir for "rekreasjon".
I kiosken har me utsalg av mineralvatn, is, kaffi og nudlar.