Reglar for bruk av symjehallen

  • Ein må vera fylt 12 år for å gå åleine i symjehallen. Barn under 12 år må ha med seg ein vaksen over 18 år
  • Ein vaksen kan ha med seg 3 barn under 12 år
  • Barn som nyttar armringar skal ikkje vera i 25m bassenget utan følgje
  • Etter ein er fylt 10 år kan ein ta "våtkort", dette medfører at ein kan gå åleine i symjehallen frå ein er 10 år
  • Badebleie er påbode i symjehallen for alle som nyttar bleie. Badebleie er inkludert i billetten for barn som nyttar bleie. Ein skal ha badebukse/badetøy utanpå badebleia.
  • Alle må dusje utan badetøy, og vaske kropp og hår med såpe før ein går i bassenget. Det er dusjnisje med dør i alle dusjane.
  • Det er kun badetøy som er tillatt i bassenget. Det er ikkje løyve til å ha undertøy under badetøy eller anna tøy over som t.d t -shirt.
  • Fottøy skal takast av i gangen før du kjem inn i garderobane
  • Det er forbod om tyggis og snus i symjehallen
  • Barbering, negleklipp o.l er forbode i dusj/garderobe
  • Dersom ein har langt hår skal håret samlast i strikk eller ein kan nytte badehette
  • Det er generelt fotoforbod, dette gjeld også mobil med kamera, i symjehallen - unntak ved offentlege stemne, under instruksjon eller etter avtale
  • Bømlo symjehall tar ikkje ansvar for personlege eigendelar, sørg for at du tar alt med deg heim, sjekk skapet.
  • Gløymt tøy blir tatt vare på i 4 veker, etter det blir det gitt vidare til veldedige formål
  • Ein må vera oppe av bassenget seinast 15 min før stenging slik at ein er ute av garderoben til me stenger 
  • All bading skjer på eige ansvar. Badevertane er her for din tryggleik
  • Følg skilting, informasjon og anvisning frå badevertane.Bømlo symjehall kan bortvise gjester ved brudd på reglement og uønska åtferd
Til toppen