Eksterne finansieringskjelder og Tilskuddsportalen

Lag og organisasjonar kan søkja om tilskot til aktivitetar, utstyr og tiltak. Bømlo kommune abonnerer på Tilskuddsportalen som gir oversikt over tilskot i heile Noreg. I tillegg er det ei rekkje tilskotsordningar i regi av fylke og statlege etatar der lag og organisasjonar kan søkja om midlar. 

Tilskuddsportalen

Bømlo kommune har frå 2021 abonnement på Tilskuddsportalen. Tilskuddsportalen viser ulike kjelder til tilskot over heile Noreg. Alle lag og organisasjonar kan lage profil for dykkar lag/organisasjon ved å legge inn Bømlo på registreringssida for Tilskuddsportalen. Merk at stadfesting av registrering av og til kjem i søppelposten i e-posten.  

Registreringsside Tilskuddsportalen 

Infobrosjyre Tilskotsportalen (lag og organisasjonar) (PDF, 2 MB)

Infobrosjyre Tilskotsportalen (tilsette) (PDF, 2 MB)

Lokale tilskotsordningar

Større offentlege tilskotsordningar

Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune forvaltar mange tilskotsordningar som kan vera relevante for lag og organisasjonar å søkje på, enten i samarbeid med kommunen, eller med eigen søknadar. 

Oversikt over tilskotsordningar Vestland fylkeskommune

Nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge (BUFDIR)

Offentlege, private og frivillige kan søkje om midlar for å motverka og/eller dempa konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Søknadsfristen i 2020 var 4. desember. 

BUFDIR sin informasjonsside om nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge

Tilskudd til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjoner (IMDi)

Frivillige organisasjonar kan få støtte til prosjekt, enkelttiltak eller aktivitetar som bidreg til å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant innvandrarar og deira barn. Søknadsfrist i 2020 var 5. februar. 

IMDi sin informasjonsside om tilskudd til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar

Oversikt over statlege tilskotsordningar for frivillige lag og organisasjonar

Regjeringa har laga ei oversikt over alle statlege tilskotsordningar for frivllige organisasjonar. Ta gjerne kontakt om de ynskjer å samarbeide med kommunen om å utarbeide søknadar. 

Regjeringa si oversiktsside om statlege tilskotsordningar for frivillige organisasjonar

Til toppen