Kenneth Sivertsen-prisen

Bømlo kommune heidrar musikaren og komponisten Kenneth Sivertsen ved å dela ut ein pris som ber hans namn til unge musikalske talent. Sjølve prisen er ein statuett laga i bronse, på eikefot, av Mike McGurk. I tillegg ein gåvesjekk på 30.000 kroner. Neste tildeling er i 2021 - året der Kenneth Sivertsen ville blitt 60 år. 

Slik sender du forslag til kandidatar

Namn og kort grunngjeving på aktuelle kandidatar meldast til formann i juryen, kulturskulerektor Stein Høyland på e-post.

Kriterium for prisen

  • Kenneth Sivertsen prisen skal motivera og utvikla unge talent innanfor musikk, heimehøyrande på Bømlo.
  • Prisen blir delt ut til utøvarar under 30 år, som gjennom produksjon og/eller utøving har vist eit stort talent, med kvalitet og originalitet innanfor sitt felt. I særskilde høve kan det vera aktuelt å dela prisen mellom fleire utøvarar.
  • Kandidatar til prisen blir nominert av ein breitt samansett jury.
  • Som vinnar av prisen får utøvaren ein statuett. I tillegg får utøvaren ein gåvesjekk på 30 000 kroner.
  • Prisen blir i utgangspunktet delt ut annakvart år dersom juryen finn verdige kandidatar. Ordførar, representant for juryen, samt representant for familien til Kenneth Sivertsen skal stå for utdelinga.

Tidlegare vinnarar

  • Hanne Bergheim (2010)
  • Roger Andre Bukkøy Røksund (2012)
  • Arne Kvarven (2014)
  • Joakim Vikanes (2016)
  • Samuel Ni­mo­son (2018)
Til toppen