Tidleg pensjon for bønder

Tidleg pensjon frå 62 år skal gjera det lettare å få til generasjonsskifte i jordbruket. Målsettinga er å få til tidlegare generasjonsskifte og dermed stimulera til nyrekruttering.

Vilkår:

  • Landbrukseigedomen må vera overdregen til ny eigar for å ha rett på tidleg pensjon. Det betyr at det må liggja føre eit tinglyst skøyte.
  • Den som løyser ut tidlegpensjon må ha eigd, forpakta og/eller hatt næringsinntekt frå jordbruksføretak i minst 15 år.
  • Næringsinntekt frå jordbruk/gartneri må vera minst 90 000 kroner per år 
  • Referanseinntekt er gjennomsnittleg næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk i ein referanseperiode på fem år.

Det blir ikkje stilt krav til korleis landbrukseigedomen blir driven etter overdraginga. Det vil seia at landbrukseigedomen kan bli seld som tilleggsjord utan at eigaren mister retten til tidlegpensjon. 

Les meir om regelverk og søknad

Til toppen