På grunn av nærleiken til sjøen er det naturleg nok mykje industri knytt opp mot fiske, oppdrett og sjøfart. Her er høgteknologiske miljø og mekanisk industri retta mot skipsfartsnæringa, stor rederiverksemd særleg knytt til offshoreindustri, og ei ekspansiv havbruksnæring. Innan reiselivsnæringa er det stor aktivitet. Elles er det ein del jordbruk her, og dei vanlege servicenæringane er sjølvsagt sterkt representerte.
Eigarskapsmelding 2021 Bømlo kommune (PDF, 577 kB)
Retningslinjer for tildeling av frie midlar i kommunalt næringsfond (PDF, 170 kB)
Ordførar og kommunedirektør
Ordførar og kommunedirektør har ansvar for samarbeidet mellom det lokale næringslivet og kommunen, og for å leggja tilhøva til rette for ei positiv utvikling både av næringslivet på Bømlo og lokalsamfunnet. I dette ligg å marknadsføra kommunen som ein attraktiv næringskommune og utvikla interkommunalt og regionalt næringsretta arbeid.
Det betyr å vera aktiv i forhold til lokale, regionale, nasjonale og internasjonale rammevilkår, å etablera og utvikla nettverk mellom næringslivet i kommunen og regionen. Gjennom dette arbeidet ynskjer kommunen også å vera aktiv i relasjonen skule - næringsliv og utvikla samspelet mellom kultur og næringsverksemd.
Bømlopakken
Bømlo fiskerihamn i Grøn region Vestland
Karriererettleiing for deg over 19 år
Tett samarbeid med Bømlo Næringsråd
Bømlo kommune har eit tett samarbeid med Bømlo Næringsråd (BN) i høve næringsarbeid i kommunen. BN er svært aktivt, har meir enn 200 medlemsbedrifter, og ein god nettverksarena for å møte andre i det lokale næringslivet. Næringsrådet har som formål å fremja næringslivet sine interesser gjennom idéskapande og koordinerande verksemd.
Lær meir om Bømlo næringsråd
Opplevbomlo.no
På lag med Atheno
Atheno AS er Bømlo kommune sin samarbeidspartnar innan næring og etablering. I nær 40 år har dei hjelpt verksemder i Sunnhordland med å starta, utvikla og omstilla. Atheno kjenner regionen og dei kjenner vegen frå idé til drift, anten ambisjonen din er å leva av ei lita verksemd eller byggja noko som skal veksa.
Trygg start
Å starte for seg sjølv kan vere både spennande og sårbart, og det er mange spørsmål som dukkar opp. Hos Atheno kan du kome tidleg, midt i, eller når du har køyrt deg litt fast. Her møter du folk som lyttar, spør og hjelper deg å få orden i tankane, slik at det blir lettare å velja rett veg vidare.
Atheno oppstartsrettleiing
Dette er ein roleg og uforpliktande samtale der de saman finn kjernen i det du vil få til, kva som bør prioriterast no og kva som kan venta. Her ser de på moglegheiter, fallgruver og ei retning å styra etter, og de blir einige om eitt eller nokre få neste steg som er realistiske å gjennomføra. Om det er relevant, hjelper Atheno deg å orientera deg i støtteordningar og kven det kan vere lurt å snakka med vidare.
Atheno Inkubator
For verksemder med tydeleg vekstpotensial tilbyr Atheno tett oppfølging over tid. Inkubatoren er ein del av Siva sitt nasjonale program, og her jobbar de meir langsiktig for å få fart på marknad, sal, team og kapital.
Kurs og arrangement
Atheno arrangerer relevante kurs, seminar og faglege møteplassar gjennom året. Tilboda er for både etablerarar og verksemder i drift, og tek opp tema som leiing, styrearbeid, rekruttering, marknadsføring og økonomi, i tillegg til innovasjon og internasjonalisering. Kurs og arrangement blir annonserte fortløpande på Atheno sine nettsider
Invest in Sunnhordland
Invest in Sunnhordland er etablert for deg som ynskjer å etablera deg i ein av Noregs mest innovative regionar. Dei gir deg og initiativet ditt nødvendig og relevant informasjon om regionen og tilgjengelege område, og dei set av tid til å kartleggja kva du treng. Dersom dei ser potensial og moglegheiter, bruker dei deira omfattande nettverk for å kopla deg med relevante miljø og enkeltpersonar, arrangera møte og akselerera prosessen.
På nettsidene til Invest In Sunnhordland ligg det blant anna ute ein oversikt over næringsområda i kommunane Fitjar, Bømlo, Kvinnherad, Tysnes og Stord som gir god informasjon om kvart område: Invest in Sunnhordland
Lær meir om vår samarbeidspartnar Atheno AS