Etablerarprøve for serveringsstad
Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøva, og ha fylt 18 år.
Kor kan du ta prøva?
Du kan ta prøven på rådhuset. Ring 53 42 30 00 for å avtale tidspunkt. Det er nok å avtale nokre dagar i forkant.
Gjennomføring av prøven
- Prøven er ein fleirvalsprøve på 90 minuttar. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål.
- Prøven må du ta på norsk.
- Det er ikkje høve til å ta med tolk eller bruke ordbok.
- Du kan ta med lovsamling eller reine lov- og forskrifttekstar, me har ikkje dette til utlån og nettsida lovdata er ikkje tilgjengeleg under prøven.
- Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete, eller nasjonalt ID-kort).
- Du kan ta prøven fleire gongar om du ikkje består.
Kva kostar det?
Det kostar 400 kroner kvar gong du tar prøva.
Kva er pensum?
Boka "Læremateriell - etablererprøven for serveringsvirksomheter" er pensum og kan kjøpast på www.vinn.no
Prøvebevis
Alle som består etablerarprøven får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid.
Sist endra 18.05.2026 14:01