Salsløyve for alkoholButikkar, bryggeriutsal og spesialforretningar som skal selje alkohol, må søkje om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke ved høgst 4,7 % alkohol. Når treng du salsløyve?Når du skal starte ein butikk med alkoholsalNår du har overtatt ein salsstad med alkoholsal. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks 3 månader medan du ventar på din søknad skal verta behandla.Korleis få salsløyve?Styrar og reservestyrar må ha bestått kunnskapsprøva i alkohollovaStyrar og reservestyrar må vere over 20 år.Styrar og reservestyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel.Slik søker duDet kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk derfor i god tid. Søk om salsløyveVedlegg du må ha medFirmaattest for alle selskap so mer involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.noPlanteikning over utsalsstaden som viser plassering av alkoholenDokumentasjon på styrar og varastyrar sin tilknytning til utsalsstadenStadfesting på bestått kunnskapsprøva for alkohollovaKor lang tid tek det? Det kan ta opptil 3 månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk. Kva kostar det? Det er gratis å søke om salsløyve for alkohol.Korleis levere omsetnadsoppgåve?Alle som har eit salsløyve for alkohol skal betale eit årleg gebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut ifrå kor mange liter alkohol salsstanden forventar å selje neste år. Satsane er fastsett i alkoholforskrifta kapittel 6Fristen for å sende inn omsetnadsoppgåve er 1. mars.Her kan du melde inn omsetnadsoppgåveSalstider for alkohol i butikkMåndag - fredag: 08.00-20.00.Laurdag: 08.00-18.00Dagar før helge- og høgtidsdagar frå kl 08.00 til kl 18.00 (gjeld ikkje dagen før Kristi Himmelfartsdag).Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk skal ikkje skje på søn- og helligdagar, 1. og 17. mai.Lov, forskrift og lokale vedtakAlkohollovaAlkoholforskriftaRegnskapslovaRetningslinjer for salg og sjenking av alkoholhaldige drikkevarer Sist endra 15.08.2025 11:13