Ettersøksordninga på hjort i Bømlo

Bømlo kommune har avtale med Bømlo ettersøkslag om ettersøk og avliving av skadde og sjuke dyr.

Kva gjer eg ved påkøyrsel hjort?

  1. Ring politiet (02800)
  2. Oppgi tid og stad for påkøyrsel
  3. Beskriv type dyr, og om det var fleire dyr saman
  4. Kan du seie noko om kva skade som er påført dyret?
  5. Om dyret har sprunge vidare - forsøk å legge merke til kva retning det sprang i
  6. Bli på plassen til ettersøksekvipasje kjem
  7. Om du ikkje har mogelegheit til å bli på plassen kan du merke av kollisjonsstaden med plastpose e.l.

Bømlo ettersøksring kan du nå på telefon 957 20 571

For å gå på hjortejakt må jegeren ha avtale om godkjent ettersøkshund. 

Ta kontakt med Bømlo ettersøkslag dersom du har spørsmål om ettersøksordninga.

Til toppen