Bømlo kommune har skotpremie på mink.
Ordninga med skotpremie på mink er for å halda bestanden av mink nede på Bømlo. Dette er eit viktig tiltak for å hjelpa sjøfugl mot predasjon. Skotpremien er på 400 kroner per mink.
Skotpremien kan hevast ved å visa fram alle fire labbar frå kvar mink hjå landbruksavdelinga på rådhuset på Svortland. Skotpremien vert etter dette overført til din bankkonto.
Sist endra 27.02.2025 10:54