Bømlo kommune har oppdatert kunnskapen om naturmangfaldet i kommunen gjennom rapporten Viltet i Bømlo 2025. Her finn du oversikt over viktige viltområde og hjortetrekk, samt status og informasjon om fleire viltartar i kommunen.
Kartlegginga er gjort i samarbeid med ulike interesser og fagmiljø for vilt i kommunen, og gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for vidare planlegging og forvaltning.
Kva har viltrapporten å seie for deg som innbyggjar?
- Rapporten viser kvar det er viktig å ta omsyn – både for deg som går tur, bur nær naturen eller planlegg tiltak.
- Du kan bidra ved å vise ekstra omsyn i hekke- og yngletida, og halde hund i band der det er nødvendig av omsyn til vilt og dyreliv.
Utforsk kart og hovudfunn frå rapporten i den interaktive StoryMapen, eller les heile rapporten her: Viltet i Bømlo 2025.pdf (PDF, 11 MB)