Busettting av flyktningar

Flyktningar som har fått opphald i Noreg vert busett i ein kommune. I Bømlo kommune har flyktningetenesta på NAV ansvar for å gje hjelp til flyktningen/ familien i starten. 

Kven kan få tilbodet?

Flyktningar som har fått avtale om busetjing i Bømlo kommune. Flyktningetenesta kan òg gje rettleiing og følge opp deg som er sameint med familie som har budd i Bømlo/ Noreg i mindre enn fem år. Tilbodet gjeld personar som vil få plikt og rett til å gjennomføre Introduksjonsprogrammet og/eller har familie i Bømlo og som allerede er i gong med Introduksjonsprogrammet.


Kva kan me tilby?

Hjelp til å finna bustad og får praktisk hjelp i startfasen. Dette kan vera råd og rettleiing om det å leva i Noreg, helse, økonomi og deltaking i samfunnsliv. Hjelpa blir tilpassa det behovet den enkelte har.

Tenesta arbeider tett med andre tenester i Bømlo kommune, til dømes Bømlo vaksenopplæring, Barne- og familietenesta og Legetenesta. 

Kor kan eg få meir informasjon?
Om du ynskjer meir informasjon kan du ta kontakt med oss på telefon eller e-post.

NAV Bømlo
Avdelingsleiar

Synne Halleraker
Telefon: 91 80 73 83
E-post: Send e-post

NAV Bømlo
Flyktningkonsulent 

Magny Røksund, 
Telefon: 93 00 66 14
E-post: Send e-post

NAV Bømlo
Miljøarbeidar

Tamar Dankarian, 
Telefon: 97 77 70 41
E-post: Send e-post

 

 

Til toppen