Kommunal utleigebustad

Ein kommunal bustad er for deg som har problem med å skaffa deg bustad på den private bustadmarknaden. Bustadane er på Svortland, Rubbestadneset, Mosterhamn og Langevåg.

Kven kan få kommunal bustad?

Om du er utan eigna bustad og ikkje er istand til å skaffe bustad sjølv, kan du søkje om kommunal bustad. 

Det må vere økonomiske, helsemessige eller sosiale tilhøve som gjer at du ikkje klarar å skaffa deg ein stad å bu.

Vilkår for tildeling av kommunal bustad

  • Du må vere fylt 18 år
  • Du må vere utan bustad, eller i ferd med å bli utan bustad
  • Du må vere registrert som busett i kommunen samanhengande det siste året
  • Du må vere norsk statsborgar
  • Du  må vere vanskligstilt på dagens bustadmarked som følgje av økonomiske, sosiale eller helsemessige tilhøve
  • Du må ikkje skylde husleige til BKE
  • Du må ha gjort forsøk på å skaffa deg bustad på den private marknaden først, utan å lykkast.

Slik søkjer du

Søknadsskjema om kommunal utleigebustad (PDF, 183 kB)

Send søknaden til:

Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.

Har du spørsmål om søknaden eller treng hjelp til å fylla ut skjema?

Ta kontakt med Tenestekontoret - telefon: 53 42 34 70

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

Tildeling skjer når det vert ein ledig bustad.

Dei kommunale utleigebustadane er eigd av Bømlo kommunale eigedomsselskap AS (BKE AS)

Har du eit akutt bustadproblem eller behov for mellombels husvære?

Her kan du lesa meir omsorgsbustadar i Bømlo kommune