Nedgravne oljetankar

Frå 01.01.2020 vart det forbod mot fyring med mineralolje i private bustader. For å sikra at eventuell lekkasje forureinar grunnvatn, vassdrag og sjø skal alle oljetankar i Bømlo tømmast og gravast opp.

Du må melda frå til kommunen når du fjernar oljetanken din. I meldinga må du ta med storleik på tanken, mengde olje og leveringsstad for olje og tank. Arbeidet må utførast slik at det ikkje er fare for forureining.

Meld inn sanering av oljetank

I særlege tilfelle kan kommunen i staden for oppgraving/fjerning gje løyve til at tanken vert reingjort og fylt med sand, grus eller liknande. Du må i såfall søkja særskilt om dette. Særlege grunnar kan samla vera:

  • Høgare kostnader enn akseptabelt.
  • Teknisk umogleg eller svært krevjande å fjerna.

Søknad kan sendast som brev eller via e-post til:

E-post: postmottak@bomlo.kommune.no

Adresse: Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes

Bømlo kommune si lokale forskrift om nedgravde oljetankar 

Til toppen