Reglar for bruk av kommunale kaiar og bryggjer

Dei kommunale hamneanlegga skal vera til ålmenn bruk

Reglar for bruk av kommunale bryggjer og kaiar i Bømlo kommune

1. Kommunale bryggjer og kaiar skal vera til felles nytte for ålmenta, og dei skal brukast på ein måte som ikkje hindrar dette.

2. Den enkelte brukar er ansvarleg for at bruken skjer sikkert og omsynsfullt, utan fare eller vesentleg ulempe for andre eller andre sin eigedom.

3. Den enkelte brukar er ansvarleg for at anlegget er reingjort og ryddig etter bruk. Alt avfall skal fjernast straks og ikkje mellomlagrast på anlegget.

4. Forureining skal ikkje førekoma, men dersom uhell likevel skjer, skal Bømlo kommune straks ha melding om forureininga.

5. Lasting og lossing ved kommunale bryggjer og kaiar skal gjerast så snart som mogeleg, men ein skal likevel visa nødvendig omsyn og normalt ikkje utføra slik aktivitet utanom vanleg arbeidstid.

6. Det skal ikkje lagrast noko på kommunale bryggjer og kaiar utan at det er gjort skriftleg avtale med Bømlo kommune. Slik avtale skal vise start- og slutttidspunkt, og leiga vert belasta brukaren etter gjeldande gebyrregulativ.

7. For all bruk av kommunale kaiar og bryggjer skal det betalast leige etter vedtekne utleigesatsar i gebyrregulativet til Bømlo kommune frå første døgn.

8. Fartøy kan ikkje leggast i opplag ved kommunale bryggjer og kaiar utan at det er gjort skriftleg avtale med Bømlo kommune. Slik avtale skal vise start- og slutttidspunkt, og leiga vert belasta brukaren etter gjeldande gebyrregulativ.

9. Private flytebryggjer skal ikkje fortøyast i kommunale kaianlegg utan skriftleg avtale.

10. Parkering er forbode på kommunale kaiar og bryggjer.

11. Dersom brukar av anlegget etter advarsel ikkje rettar seg etter reglane, kan Bømlo kommune får utført nødvendige tiltak på brukaren si rekning.

 

Kaileige
Storleik Døgn Månad
Fritidsfartøy opp til 30 fot 50 kr 1 500 kr
Fritidsfartøy frå 31 til 50 fot 70 kr 2 100 kr
Fritidsfartøy frå 51 til 70 fot 90 kr 2 700 kr
Næringsdrivande:
Fartøy opp til 10 meter 200 kr 6 000 kr
Fartøy frå 10 meter 250 kr 7 500 kr
Til toppen