Diverse om avlaupHer kan du finna meir nyttig informasjon knytt til avlaup. Prisar og gebyr Gebyr for søknad om utsleppsløyve: Pris for tømming av reinseanlegg/slamtank Saksbehandlingstid Søknad om utsleppsløyve har inntil seks veker saksbehandlingstid under føresetnad av søknaden er komplett og at det ikkje er behov for avklaring av dispensasjonstilhøve i høve til reguleringsplan/kommuneplan. Regelverk og føresegner Lokal forskrift for utslepp av avlaupsvatn i Bømlo kommune (PDF, 8 MB) Forureiningslova kapitel 4 Forureiningsforskrifta del 4 Vassforskrifta (§ 4) Plan- og bygningslova, byggjesaksdelen Forskrift om tømming av slamanlegg i Bømlo kommune Kjøkkenavfallskvern Det er ikkje lov å bruka kjøkkenavfallskvern for eigedomar som er knytt til offentleg leidningsnett i Bømlo kommune. Ulempene er mange for både huseigar, avløpsanlegga og reinseanlegga. Slamtømming Dei fleste avlaupsanlegg produserer avlaupsslam som må fjernast med slamsugebil. Den som eig anlegget er forplikta til å bruka den kommunale slamtømmeordninga som me har gjennom Sunnhordland Interkommunal Miljøverk (SIM). Ordninga er regulert gjennom ei eiga forskrift vedtatt av kommunen i 2007. Her finn du forskrift om innsamling av hushaldsavfall og tømming av slamavskiljarar og tette tankar. Du må betala eit gebyr som "abonnent", samt eit gebyr for fysisk tømming. Faktura kjem frå Bømlo kommune, men dersom du har spørsmål til faktura må du ta kontakt direkte med Sunnhordland Interkommunale miljøverk. Nettsida til Sunnhordland Interkommunale miljøverk (SIM) finn du her. Sist endra 06.12.2023 13:41