Utsleppsløyve større anlegg

Avlaupsanlegg for meir eller lik 50 personekvivalentar (50 pe) og med eit samla utslepp opp til 2000 pe til ferskvatn eller elvemunning eller til 10 000 pe til sjø verk rekna som eit større avlaupsanlegg.

Du må søkja om utsleppsløyve når du skal:

  • auka eit eksisterande utslepp
  • endra type utslepp eller utsleppsstad
  • oppgradera eller rehabilitera anlegget ditt

Du treng løyve både etter plan- og bygningslova og etter forureiningslova for å etablera avlaupsanlegget ditt.

Du treng ikkje å søkja når du berre skal vedlikehalda anlegget ditt. 

Til toppen