• Hending

Ungdom ved roret 2026

Dato

Onsdag 23. september 2026

Tidspunkt

Heile dagen

Stad

Kommunestyresalen - Rådhuset

Last ned kalenderfil (.ics)

Bømlo ungdomsråd inviterer ungdom frå 9. klasse til 3. vidaregåande til Ungdom ved roret 2026 onsdag 23. september. Samlinga startar kl. 10:00 og den obligatoriske delen sluttar kl. 18:00, men etterpå vert det ein sosial del fram til kl. 21:00.

Samlinga er ein møteplass der ungdom får seia meiningane sine, diskutera saker som er viktige for dei og vera med og påverka utviklinga av Bømlo. Tema i år er mellom anna medverknad, transport, fritidstilbod og arbeidet i ungdomsrådet.

Det blir òg høve til å bli kjend med andre ungdomar, vera sosial og delta i kjekke aktivitetar.

Påmelding og meir informasjon finn du i programmet for arrangementet.

Søknadsfristen for medlemskap i Bømlo ungdomsråd 2026–2027 er 30. september.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Bømlo Kommune

Kontakt

rådgjevar folkehelse og frivilligheit

Om staden

Namn

Kommunestyresalen - Rådhuset