I medhald av eigedomsskattelova §15 vert eigedoms-skattelista for Bømlo kommune lagt ut til offentleg gjennomsyn i ein månad rekna frå 1. mars 2025. For skatteåret 2025 har kommunestyret vedteke å leggja til grunn Skatteetaten sitt formuegrunnlag for alle bustadeigedomar som har slikt grunnlag. Alle andre eigedomar er taksert i samsvar med vedtekne rammer og retningsliner for taksering. Skattelistene er å finna i Innbyggjartorget på Bømlo Folkebibliotek og på Bømlo kommune sine nettsider når dei er klare.
Klagerett
Skattesetel er sendt ut elektronisk via SvarUt. Klage skal vera skriftleg, grunngjeven og innehalda gnr./bnr. Klage skal sendast til Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes eller via digitalt klageskjema.
Klagefristen er 12. april 2025