65 år – neste kapittel: Treff for alle fødde i 1961

Torsdag 12. november inviterer Bømlo kommune alle innbyggjarar som fyller 65 år i 2026, til ein kveld med god prat, nyttig informasjon og inspirasjon i kommunestyresalen.

invitasjon til treff 2026

Å fylla 65 er for mange starten på eit nytt kapittel i livet. Då høyrer ein til 65+ og for ein del er det tid for pensjonsalder, medan andre framleis ønskjer å jobbe i nokre år til. Bømlo kommune inviterer no alle som er fødde i 1961, til treffet «65 år – neste kapittel». Alle i årskullet har fått invitasjonen digitalt.

Kinderegg

Treffet handlar om tre ting: å gjera noko aktivt for kropp og hovud, å gjera noko saman med venner, naboar og lag, og å gjera noko meiningsfylt for seg sjølv og andre. Dei inviterte skal få arbeide ein del sjølve, men det blir også informasjon og input i frå andre. 

Ordførar Morten Helland opnar kvelden med ei helsing. Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter fortel korleis det står til i Bømlo, og kva utfordringar kommunen står framfor. Johanne Kristiansen frå Bømlo kommune snakkar om aktivitet, behov og fellesskap i ein ny livsfase. 

Bømlo frivilligsentral er ein viktig samarbeidspartnar for kommunen, og dagleg leiar Anne T. Johannessen presenterer tilbod og behov i frivilligheita. Elevar frå Bømlo kulturskule står for musikkinnslag. Kvelden har òg god tid til samtalar rundt borda, og deltakarane kan koma med idear og spørsmål.

Kvifor gjer me dette?

Bømlo, som resten av landet, får fleire eldre innbyggjarar i åra framover. Samstundes vert det færre hender i helse- og omsorgstenestene. Det er ikkje enkle utfordringar, og kommunen kan ikkje løysa dei åleine. Me trur at framtida må skapast saman med innbyggjarane.

Dei som fyller 65 år sit på mykje erfaring, kunnskap og engasjement. Med treffet vil me løfta fram ressursane som finst i årskullet, gjera det lettare å knyta nye band og vera med og påverka. Målet er at fleire vert medvitne om eiga helse og livsfase, at fleire er aktive, og at innbyggjarane får meir å seia i lokalsamfunnet. Kommunen skal leggja til rette, men det er deltakarane som avgjer kva dei vil få til saman.

Praktisk informasjon

•    Når: Torsdag 12. november 2026 kl. 18.00–20.30
•    Kvar: Kommunestyresalen, Rådhuset
•    Servering: Lett kveldsmat med rundstykke, kaffi og te
•    Påmelding: Innan 10. november til johanne.kristiansen@bomlo.kommune.no eller på SMS til 453 82 642

Hjarteleg velkomen!