Ådnanesvegen blir stengd på dagtid frå 17. oktober

Ådnanesvegen blir stengd for gjennomkøyring på dagtid frå 17. oktober 2026 til 7. mars 2027. Grunnen er gravearbeid som gjeld ny høgspentkabel mellom nettstasjonane Gilje Vassverk og Ådnanes.som Engevik & Tislevoll AS utfører på oppdrag for Bømlo Kraftnett.

kart med raud stripe på - Klikk for stort bileteTiltak som gjeld ny høgspentkabel mellom nettstasjonane Gilje Vassverk og Ådnanes. kartillustrasjon Bømlo kraftnett

Vegen KV1166 er stengd måndag til fredag kl. 08.00–16.00. Det er gjennomslepp mellom kl. 12.00 og 12.30. Arbeidet omfattar kabelgrøft langs ein strekning på om lag 400 meter.

Ådnanesvegen er smal, og trafikantar kan ikkje passera når gravemaskina står i vegen. Entreprenøren stansar arbeidet og flyttar maskina når fleire trafikantar kjem til området.

Skulebuss og utrykningskøyrety

Skulebuss kan passera som normalt.Utrykkingkøyretøy kan passera til ei kvar tid. Entreprenøren har massar klare slik at dei raskt kan fylla att grøfta dersom eit utrykkingkøyretøy må kryssa arbeidsområdet.

Naboar som blir berørte av arbeidet, får informasjon i postkassen før oppstart. Det kjem òg opp informasjonsskilt i området. - Me oppmodar trafikantar om å følgja skiltinga og rekna med noko ventetid i anleggsperioden, seier driftsingeniør Stein Erik Lyslo i Bømlo kommune..