Aktivitet for alle gjer det enklare å finna aktivitetar på Bømlo

Vil du finna ein aktivitet for barnet ditt, bli med i eit lag, prøva noko nytt eller finna sosiale møteplassar? Aktivitet for alle samlar aktivitetar, arrangement og lag frå heile Bømlo på éin stad.  

skjermdump av nettside - Klikk for stort bileteAktivitetsportalen AFA har fått ny layout og mykje godt innhald. Skjermdump AFA

(Tekst: Johanne Kristiansen)

I dag finn du 124 registrerte aktivitetar frå 65 ulike arrangørar i portalen. Målet er å gjera det enklare å finna fram til det som skjer i nærmiljøet.  

Finn ulike aktivietar på www.aktivitetforalle.no    

Alt på éin stad

På Bømlo finst det eit stort mangfald av aktivitetar og møteplassar. Gjennom Aktivitet for alle kan du enkelt få oversikt over aktivitetar, arrangement og organisasjonar i kommunen.
I dag er 65 arrangørar og 124 aktivitetar registrerte i portalen. Her finn du alt frå idrett og kultur til friluftsliv, hobbyaktivitetar, frivillig arbeid og sosiale møteplassar. Det er gratis for arrangørar å registera seg og bruke portalen. Den er open både for frivillige, kulturaktørar og kommersielle aktørar som gjennomfører arrangement i kommunen. 

Alle arrangørane må godkjennast av Bømlo kommune før dei kan publisera i portalen. Portalen er open for alle og skal gjera det lettare å finna fram til tilbod som passar dine interesser og behov.  

Viktig for barn og unge

Fritidsaktivitetar gir barn og unge høve til å utvikla interesser, oppleva meistring og bli ein del av eit fellesskap. For mange familiar kan det vera vanskeleg å få oversikt over kva tilbod som finst. Når aktivitetane er samla på éin stad, blir det enklare å finna noko som passar. Aktivitet for alle gjer det lettare å oppdaga både kjende og mindre kjende aktivitetstilbod på Bømlo.

For ungdom som fyller 11 til 15 år i 2026 kan Fritidskortet brukast til å dekkja utgifter til faste organiserte aktivitetar. For at Fritidskortet skal kunna brukast, må laget eller organisasjonen vera registrert i portalen.

Kva kan hindra deltaking?

Mange ønskjer å delta i aktivitetar, men møter ulike barrierar. Nokre veit ikkje kva tilbod som finst. Andre er nye i kommunen og manglar oversikt eller kontaktar. For enkelte kan økonomi, usikkerheit eller manglande nettverk gjera terskelen høgare.

Ved å samla aktivitetar, arrangement og kontaktinformasjon på éin stad kan Aktivitet for alle gjera det enklare å finna fram til eit tilbod og ta kontakt. Portalen skal bidra til at fleire oppdagar moglegheitene som finst i lokalsamfunnet og får ein enklare veg inn i aktivitet og fellesskap.

Aktivitet gjennom heile livet

Aktivitet og fellesskap er viktig i alle aldrar. For mange seniorar er frivillige lag, kulturaktivitetar, turgrupper og andre møteplassar viktige arenaer for sosial kontakt, trivsel og livskvalitet. Aktivitet for alle skal bidra til at også desse tilboda blir synlege og lettare å finna.

Eit rikt aktivitetstilbod handlar ikkje berre om å fylla fritida. Det handlar òg om å skapa møteplassar, førebyggja einsemd og leggja til rette for gode liv gjennom heile livet.

Lag og organisasjonar er nøkkelen

Aktivitet for alle blir best når mange tek del. Difor oppmodar Bømlo kommune alle lag, organisasjonar og frivillige aktørar om å registrera aktivitetane sine i portalen. Dette gjeld både idrettslag, kulturorganisasjonar, friluftsgrupper, trussamfunn, hobbylag og andre som skaper aktivitet og møteplassar i lokalsamfunnet.

Når aktivitetane er registrerte, blir dei lettare å finna for innbyggjarane. Samtidig får organisasjonane ein gratis kanal for å synleggjera tilboda sine og nå ut til nye deltakarar. Fleire registrerte aktivitetar gir betre oversikt for innbyggjarane og styrkjer moglegheitene for deltaking på tvers av alder, interesser og bakgrunn.

Saman får vi fleire med

Eit aktivt lokalsamfunn blir skapt gjennom deltaking. Når fleire aktivitetar blir synlege, får fleire høve til å finna eit fellesskap, utvikla interesser og delta i lokalsamfunnet. Med 124 aktivitetar og 65 arrangørar er Aktivitet for alle allereie ein viktig møteplass mellom innbyggjarar og frivilligheita på Bømlo. Samtidig håpar vi at endå fleire lag og organisasjonar vil registrera aktivitetane sine, slik at portalen kan gi eit mest mogleg fullstendig bilete av alt som skjer i kommunen.

Er laget eller organisasjonen din ikkje registrert? Eller treng de hjelp til registrering eller oppdatering av aktivitetar?

Ta gjerne kontakt med rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen – 

mobil 453 82 642 
E-post: Johanne.Kristiansen@bomlo.kommune.no