Aktivitet for alle

Det er viktig å halde seg aktiv, snakke med folk, lære nye ting og bruke tid saman. I vår nye portal Aktivitet for alle kan du få gode tips og informasjon til nettopp dette.

grind i utmark - Klikk for stort bileteÅ gå på turstiar er ein fin aktivitet. Johanne Kristiansen

For å gje innbyggjarar i alle aldrar informasjon om kva som skjer i dei ulike bygdene, held me på å byggje opp ein aktivitetsportal www.aktivitetforalle.no  for heile Bømlo. Denne er ikkje berre for barn og unge, men for folk i alle aldrar.

Me vil informera uavhengig av sosiale media og prøva å samla så mykje informasjon som mogleg på ein stad. Ta ein kikk på kva tilbod som finst.

Her skal du finna informasjon om arrangement, faste aktivitetar, arrangørar og lokasjonar i Bømlo.

Saknar du noko?

Ta kontakt med laget og be dei om å leggja inn aktiviteten eller arrangementet.

Dette er ein stor dugnadsinnsats som kan bidra til meir trivsel og aktivitet for alleldersgrupper.

På døra - veke 16.-22. februar (PDF, 313 kB)

Om prosjektet På døra

Tema i veke 8 i informasjonsskrivet På døra er portalen Aktivitet for alle. På døra vert av postboda levert ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar. 

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender for 16.-22. februar 2026.