Esther Jebelli (t.v) har sidan oppstarten i 2019 pendla to gongar i veka frå Valevåg til Elin Steinsbø sine aquagymtimar i Bømlo symjehall.
Simon Knutsson Sortland
Dei trufaste deltakarane på aquagymtimane torsdagar klokka 15.15 kjem sigande ut av garderobane og finn utstyr ved bassengkanten som bidreg til betre balanse i vatnet. Det er godt vaksne kvinner og menn i ulik fysisk form som gjer seg klar til ein aktiv time i behagelege 32 grader i bassenget. Instruktør og verksemdsleiar Elin Steinsbø i Bømlo symjehall kjem med oppmuntrande ord.
Når alle er på plass set Elin på musikken og øvingane kjem på rekke og rad. Det er høge kneløft, vide armsvingar og å heisa seg opp ved bassengkanten med meire. Dei alterner i tre ulike grupper. Alle gjer sitt ytterste ut frå eigne føresetnadar.
- Dette er flott, rein helsebot, skryt Alf Johnsen frå Brandasund. Han har vore fast deltakar i vel eitt år. Johnsen er som dei andre i godt humør og det verkar som ein samansveisa gruppe som trenar i lag.
For alle på alle nivå
- Aquagym er for alle på alle nivå, frå utrent til topptrent. Det er også ei veldig skånsam treningsform, fortel instruktør Elin Steinsbø. Det gir god trening for rørsle, kondisjon og styrke. Det er vatnet som skapar motstand, men den er skånsam. Du får betre balanse, og du kan klara øvingar her som du ikkje ville klart å gjere på land.
Steinsbø forklarar vidare at det difor også er god trening for topptrente, då du sjølv kan bestemma motstanden ved kor mykje vatn du samlar og kor raske rørsler du gjer. Du kan og nytta vektmansjettar på beina og hanskar for å gjere øvingane tyngre. Det er også ein del anna utstyr dei nyttar for å skapa motstand.
- Det er mykje god folkehelse i dette, og så er det veldig behageleg temperatur i bassenget, reklamerer Steinsbø.
Pendlar to gongar i veka
- Desse timane betyr mykje for meg personleg. I dag ville eg eigentleg ikkje gå, men så veit eg kor bra det kjennest etterpå, så då satte eg meg i bilen og køyrde frå Valevåg i lag med ei venninne, fortel Esther Jebelli. Alle kommunar med symjehallar burde ha dette tilbodet, meiner ho. Men sidan tilbodet ikkje finst på heimstaden har ho pendla to gongar i veka sidan tilbodet starta opp i Bømlo symjehall i 2019.
- Esther er ei av våre trufaste, og det syns me er veldig kjekt, seier Steinsbø.
Vanleg deltakartal på dei tre aquagymtimane tysdag, onsdag og torsdag er mellom 20 og 35. Jebelli peikar på at dette er ei anna type trening med god variasjon som alle kan gjere i sitt eige tempo.
- Her avgjer du sjølv kor hardt du vil ta deg ut, så dette er absolutt ei treningsform å tilrå alle.
Noko instruktør Steinsbø kan skrive under på.
Aquagym er god styrketrening. Instruktør Elin Steinsbø viser øving med flyterør som hjelpemiddel.
Simon Knutsson Sortland