Alle sakene, unnateke saka om sjukeheimstilbod, som kommunestyret skal handsama har vore oppe i hovudutvala. Valstyret tilrår kommunestyret å redusera tal valkrinsar til fem der Meling, Gilje og Folderøy går ut. Dei fem valkrinsane blir Hillestveit, Våge, Moster, Rubbestadneset og Svortland. Grunngjevinga er mellom anna gode tilhøve for førehandsrøysting som stadig fleire veljarar nyttar seg av, og sparte kostnadar ved organisering og gjennomføring av valet. Valdagen er måndag 8. september 2025.
Her finn du protokollar frå politiske møter
Kommunestyrerepresentant frå Høgre, Signe Lund Jansen, har sendt inn 13 spørsmål om kapasitet på sykehjemsplasser og organisering av hjemmesykepleie etter vedtak om nedlegging av «BOT» (Bømlo omsorgstun) ho ber administrasjonen svara ut. Desse finn du i møteinnkallinga vedlagt.
Møteinnkalling kommunestyret 10.02.2025
OT 1/25 Open talarstol
GK 1/25 Godkjenningssak
OS 1/25 Orienteringssak
ME 1/25 Markering av Friluftslivets år 2025 i Bømlo kommune
ME 2/25 Årsmelding 2024 Eldrerådet
ME 3/25 Årsmelding frå råd for menneske med nedsett funksjonsevne
PS 1/25 Krav om ny behandling av PS 38/24 sjukeheimstilbod og heimetenester i Bømlo kommune (mandat 42)
PS 2/25 Teljepraksis i delings- og byggesaker i LNFR spreidd bustadområde - rapport
PS 3/25 KS Debatthefte 2025. Frå forventning til verkelegheit – om forventningsgapet
PS 4/25 KS Debatthefte 2025. Frå forventning til verkelegheit – om mellomoppgjeret 2025 og strategisk utvikling av avtaleverket
PS 5/25 Endring av samarbeidsavtale for Vest brann- og redningsregion KO
PS 6/25 Interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern
PS 7/25 Stortings- og sametingsvalet 2025 - fastsetjing av valdag
PS 8/25 Valkrinsar ved Stortings- og sametingsvalet 2025
PS 9/25 Forskrift om skulerute
SI 1/25 Spørsmål og interpellasjonar
SI 2/25 Interpellasjon frå Bømlo høgre v/Christer Agasøster - SFO-Bygg Svortland skule - kommunestyremøte 10.02.2025
SI 3/25 Spørsmål til kommunestyret 10.02.2025 frå Signe Lund Jansen (H)
Møta i kommunestyret er ope for publikum og førstkomande møte vert sendt direkte på kommune-tv frå kl. 16.00 måndag 10. februar 2025.