Årets første kommunestyremøte

Årets første kommunestyremøte er i dag måndag 16. februar kl. 16.00. Møtet er ope for publikum. Kommunestyrerepresentantane får ein heil dag med folkevaldopplæring i regi av KS i forkant av møtet.

tteksting av arkivopptak - Klikk for stort bileteArkivopptak frå Bømlo kommunestyre kjem no med høve til undertekstar. Skjermdump kommunetv

Blant dei politiske sakene er det lagt framlegg om eit prinsippvedtak for utbyggingsavtalar (forutsigbarheitsvedtak) og ein strategiplan for å tiltrekkja, utvikla og behalda tilsette i Bømlo kommune. Det er også ein gjennomgang av tilstandsrapport for grunnskulen og KS sitt debatthefte 2026 “Tid for taktskifte”.

Har du ikkje høve til å møte i kommunestyresalen kan du følgja møtet direkte på Kommunestyre-tv

Møteinnkalling og protokoll kommunestyremøte 16.02.2026

Saksliste
OT 2/26 Open talarstol
GK 2/26 Godkjenningssak
OS 2/26 Orienteringssak
ME 1/26 Oppstart - temaplan/strategi for næringspolitikk
ME 2/26 Vedtak - reguleringsplan - Klage - Bømlo 4/89 m fl - Hidle - 202107
ME 3/26 Vedtak - Reguleringsplan - Klage - Bømlo - Solstrand 101/19 - 101/223 mfl - PlanID 202203
ME 4/26 Vedtak - reguleringsplan - forenkla prosess - klage - Bømlo - Fv 541 Sakseid - Hestanes
ME 5/26 Statsforvalterens vedtak - Bømlo- detaljregulering for Midtnaustet/Urangsvåg - 201703
ME 6/26 Byggesak - Reguleringsplan - Bømlo 103/31 mfl - Nese Nedre - detaljregulering for Vestre Vågen - Planid 201712l
PS 1/26 KS Debatthefte 2026. Tid for taktskifte
PS 2/26 Prinsippvedtak utbyggingsavtalar (forutsigbarheitsvedtak)
PS 3/26 Opphevelsesforskrift av eksisterande forskrift SIM
PS 4/26 Strategiplan for å tiltrekkja, utvikla og behalda tilsette i Bømlo kommune
PS 5/26 Tilstandsrapport grunnskule
PS 6/26 Vedtak - Detaljregulering for fritidsbustader - Grindheimsvågen 14/21 m.fl., PlanID 202401
PS 7/26 Vedtak - Detaljregulering for naust Svortlandsjøen, gnr./bnr. 109/320 m.fl., PlanID 202302
PS 8/26 Val av nytt varamedlem til representantsskapet i SIM
SI 2/26 Spørsmål og interpellasjonar
SI 3/26 Spørsmål frå Anne T. Johannessen (Frp) vedk. eldrerådet og Råd for menneske med nedsett funksjonsevne - forslag og talerett