Legg til rette for parkering ved Foldrøy skule i samband med vaksineringsdagar.
Simon Knutsson Sortland
Bømlo kommune startar vanlegvis massevaksineringa etter at kommunen får vaksinane i veke 41. I år har Folkehelseinstituttet varsla at leveransen til Noreg er forseinka.
Kommunen ventar no å få vaksinane i veke 46. Det betyr at massevaksinering for innbyggjarar og helsepersonell tidlegast kan starta i veke 47 – frå 16. november.
Folkehelseinstituttet vurderer at den seinare oppstarten likevel er tilstrekkeleg for å møte årets influensasesong, som normalt toppar seg rundt jul og nyttår.
Vil leggja til rette for trygg trafikk
Massevaksineringa har dei siste åra vore gjennomført ved gamle Bremnes ungdomsskule. Fordi bygget er foreslått stengt, må kommunen nytta eit nytt lokale.
Etter å ha vurdert fleire alternativ har kommunen valt Foldrøy skule. Lokalet oppfyller krava til mellom anna parkering, tilkomst, venteareal og rom for sjølve vaksineringa.
Det er òg kort veg til busstopp, og vaksineringa kjem ikkje til å gå utover daglege aktivitetar for barn og unge.
Kommunen ventar meir trafikk enn vanleg rundt Foldrøy skule på vaksinasjonsdagane. For å sikra god trafikkavvikling vil kommunen nytta parkerings- og trafikkvakter.
Viktig vern for dei som har høgast risiko
Influensa, covid-19 og pneumokokksjukdom kan gi alvorleg sjukdom hos personar i risikogrupper. Vaksine reduserer risikoen for alvorleg sjukdom, innlegging på sjukehus og dødsfall.
Personar som bur på sjukeheim vil få tilbod om vaksine litt tidlegare enn resten av målgruppene.
Full oversikt over Vaksinering av vaksne i Bømlo i 2026 (PDF, 77 kB)
Vaksenvaksinasjon i Bømlo kommune