Det blir ny asfalt frå Rekkje-kryssen og innover Nesevegen.
Simon Knutsson Sortland
PEAB har no fastlagt arbeidsplan for asfaltering av Nesevegen, Nordre Eikeland/Onglavikvegen og Agasøstervegen i veke 34. Du må pårekne stengde vegar denne veka, men med tidspunkt der ein slepp igjennom trafikk.
Opnar for trafikk kl. 12.00 og 16.00
I følgje arbeidsplanen frå arbeidsleiar Dag Ytterstad i Peab Asfalt Norge, Vestland blir det oppstart måndag 18. august på Nesevegen kl. 08.30. Det er resterande veg frå Rekkje og utover omlag 1 kilometer som skal asfalterast no. Opning for trafikk vert klokka 12.00 og 16.00.
Tysdag held dei fram på Nordre Eikeland/Onglavikvegen med oppstart kl 08.00. og opning for trafikk kl. 12.00 og 16.00.
Onsdag til fredag held PEAB fram med å asfaltera om lag 1,5 kilometer på Agasøstervegen. Oppstart er kl. 08.00. og opning for trafikk kl. 12.00 og 16.00.