Asfalteringsarbeid på Nesevegen og Agasøstervegen

PEAB skal asfaltere ein del av Nesevegen og heile Agasøstervegen i veke 34.

busskur og snuplass - Klikk for stort bileteSnuplass for buss i Nesevegen. Simon Knutsson Sortland

PEAB vil etter planen starta asfaltering måndag morgon den 18. august ca. kl 09:30 på Nesevegen, og avsluttar etter planen i løpet av tysdagen. Det er resterande veg frå Rekkje og utover omlag 1 kilometer som skal asfalterast no.

Slepp gjennom trafikk

Dei fortset med om lag 1,5 kilometer på Agasøstervegen ut veka. Ein må pårekne stengde vegar denne veka, men med tidspunkt der ein slepp igjennom trafikk. Tidspunkta for gjennomslepp av trafikk vert annonsert på eit seinare tidspunkt.