Diana Dimore, Magny Kjeka Røksund og Miriam Kristiansen Anthun iNAV Bømlo si flyktningeteneste med ansvar for busetjing.
Simon Knutsson Sortland
Per idag er det ca 70 bustadar/leilegheiter på Bømlo som er leigd ut frå private huseigerar til flyktningar. I tillegg leiger Bømlo kommunale eigedomsselskap AS (BKE) ut ca 40 bustadar til flyktningar som er busette i kommunen. Av dei 50 flyktningane Bømlo kommune har forplikta seg til å busetja i år, er 16 busette ved utgangen av april. Det er framleis mest flyktningar frå Ukraina.
Flest på Svortland og Rubbestadneset
- Slik det ser ut per no er behovet for bustadar dekka fram til sommarferien. Nokre av ukrainarane er flytta attende til heimlandet, då det ikkje er alle stader i Ukraina som er like urolege, eller dei flyttar til andre stader i Norge eller andre land, opplyser flyktningkonsulent Magny Kjeka Røksund i NAV Bømlo.
Bustadmarknaden på Bømlo klarar per i dag å dekka NAV Bømlo sitt behov. Deira utfordring er at dei ikkje veit så mykje på førehand om samansetjinga av flyktingane som kjem, om dei er einslege eller familiar. Noko som gjer det litt vanskelegare å vita kva bustadtypar det vert mest behov for.
- Utleigeprisane har auka, men me er opptekne av å finne rimelege bustadar til flyktningane, slik at dei kan ha høve til å bli sjølvforsytte, understrekar Røksund. Målet er å finne bustadar flyktningane har råd til å bu i. Dei fleste flyktningane skal gå på introduksjonsprogrammet ved Bømlo vaksenopplæring, og vil då ha introduksjonsløn som inntekt.
- Difor er det også slik at dei fleste av praktiske årsakar buset seg på Svortland eller i Rubbestadneset for å vere nær skular, barnehagar og offentlege tilbod. Men er det mogleg ynskjer me å busetje dei i våre andre delsentra også, seier Røksund.
- Må vere funksjonelle
Det er mest leilegheiter, men også ein del eldre bustadar sentralt i delsentra som vert leigd ut. Røksund er takksam for alle privatpersonar som tek kontakt og spør om dei kan nytta seg av deira utleigeobjekt. Dei aller fleste av leigetakarane er nøgde, men NAV Bømlo må takka nei til utleigeobjekt dersom ikkje bustaden oppfyller krav og forskrifter til å bli utleigd.
- Som nemnt er me opptatt av å finne rimelege bustadar, men me set eit visst krav til funksjonalitet og at dei er praktiske for leigetakarane våre. Snittprisen på leilegheiter med to soverom ligg no på mellom 8.000 og 12.000 kroner månaden.
Tydeleg behov i industrien
- Mitt inntrykk er at dei fleste næringslivsverksemdene i Bømlo ordnar seg sjølv. Dei utnyttar godt eksisterande bygningsmasse til utleige og overnatting for sine tilsette som har behov for dette, seier dagleg leiar Ragnfrid Sønstabø i Bømlo næringsråd.
Ho peikar på at det er eit tydeleg behov for overnatting og utleige i Bømlo kommune, noko dei nye brakkene til Bømlo Innkvartering i Rubbestadneset og utleigehyttene ved Kulleseidkanalen gjestehamn vitnar om.
- Det er klart mest press på Svortland og Rubbestadneset i og med at industrien og kommunen har behov for den same bustadmassen, seier næringsrådsleiaren.
Brakkerigg for innkvartering i Rubbestadneset.
Simon Knutsson Sortland