Det er generell båndtvang for hundar frå og med 1. april til 20. august.
Simon Knutsson Sortland
Kvart år opplever grunneigarar og bønder at lause hundar uroar eller jagar husdyr på beite. Sjølv hundar som elles er lydige og fredelege, kan skapa stress og farlege situasjonar for dyra.
Bømlo kommune vil difor minna hundeeigarar om å visa omsyn når dei går tur i utmark og beiteområde.
Du har ansvar for hunden din
Som hundeeigar har du ansvar for å ha kontroll på hunden til kvar tid. Hunden skal ikkje uroa eller jaga husdyr, vilt eller andre dyr.
Mange sauer og andre beitedyr går ute lenge etter at den generelle bandtvangen er over. Når du ferdast i område med beitedyr, bør du difor halda hunden i band og halda god avstand til dyra.
Ingen lokal forskrift i Bømlo
Den generelle bandtvangen gjeld frå 1. april til og med 20. august. Reglane står i hundelova.
Bømlo kommune har i dag ikkje eiga lokal forskrift om utvida bandtvang. Det er difor dei nasjonale reglane i hundelova som gjeld.