Brannmannskapa forma naudnummeret 110 med brannbåten og alle køyretya oppstilt for dronefotografering ved Kulleseidkanalen.
Dronefotograf, Morten Lønning
- I dag deltek vel rundt 30 av våre totalt 46 mannskap, og det er bra sidan me sjeldan får samla alle mannskapa frå våre tre brannstasjonar på Svortland, Moster og Langevåg i tillegg til åtte mannskap på Espevær. Saman med alt utstyret syner dette at brannvesenet vårt har vekse til ein bra storleik, med bra kvalitet på både mannskap og utstyr, seier brannsjef Ove Halleraker.
Gjorde seg kjend med utstyr i branntilhengarane
Brannsjefen samla først alle mannskapa til ei felles orientering og oppsummering av første halvår i år. Deretter vart mannskapa delte opp i to grupper der han og beredskapsleiar Frode Sagvaag hadde in gjennomgang av utstyret i branntilhengjarane.
Brann- og redningshengaren inneheld mykje utstyr for skog- og terrengbrann.
Her er mellom anna kar til sløkkjevatn som helikopter kan fylla, blåsarar til å sløkkja i lyng og gras, brannsmekker, pumper med slangeutlegg og ryggsprøyter til etterslokking.
Beredskapsleiar Frode Sagvaag orienterer om utrustninga i tilhengjaren Bømlo brann og redning disponerer saman med dei andre medlemane i Vest region brann og redning.
Simon Knutsson Sortland
Her er òg mykje verneutstyr til mannskapa. Hengaren er nyleg rydda og organisert på nytt, så det er lett å finna fram. Brannmannskapa er opptekne av å bruka rett verneutstyr, både for pust, auge og høyrsle, særleg når dei brukar blåsarar.
Den andre hengaren deler Bømlo med ei andre medlemane i Vest brann og redning. Innhaldet er mykje av det same, men litt anna utstyr. Den hadde dei lånt inn mellom anna for å visa innhaldet og trena på bruk. Her er det pumper, blåsarar, kar, brannsmekkar og handverktøy til bruk til å arbeida i terrenget.
Godt utstyrt på sjø og land
Nær alt av utstyr utanom det som ligg på depot, køyretøy og båtar var på plass både for å bli betre kjend med utstyret, men også for å få syna alt fram og teke nye dronebilete. Bømlo brann og redning har tre brannbilar, ein tankbil for heile kommunen og ein pumpebil. I tillegg har dei ein innsatsleiarbil, til saman rundt 11–12 køyretøy. På Espevær har dei òg ein UTV. I tillegg har brannvesenet i Bømlo ein brannbåt og lettbåt til bruk i ferskvatn.
- Utstyret blir gradvis fornya, og det er positivt. Då får vi betre løysingar og meir moderne utstyr, understrekar brannsjefen.
Oljevern
Brannsjef Ove Halleraker (t.v) forklarar medan brannmannskap skøyter oljelenser.
Simon Knutsson Sortland
Bømlo brann og redning har ein tilhengar med oljelense som alltid står klar. - Då kan me køyra ned til ein kai og leggja ut lensa raskt for å hindra at olje eller anna vrakgods spreier seg ut i naturen. Dette kom godt med nyleg då ein kai og gravemaskin gjekk i sjøen på Rolfsnes, fortel brannsjef Halleraker. I tillegg disponerer dei tilhengarar for oljevernutstyr som er eigd av Vest brann- og redning.
Han brukte denne hendinga då han hadde gjennomgang om bruk av oljelenser og oljevern. Lensene dei brukar vert lagt ut i sjø eller vatn for å avgrensa skadar. Dei hindrar at olje eller anna forureining spreier seg i naturen. Bømlo brann og redning har totalt 275 meter med lense tilgjengeleg.
- Forrige helg brukte me dei under ei øving. Då la me dei ut frå kai og sperra av eit område. Me har to typar lenser - ein type som sperrar inne forureininga og ein type som tek opp olje frå overflata. Dette er viktig utstyr for å avgrensa skadar ved utslepp, forklara brannsjefen. Han var og inne på korleis dei ved hjelp av tau navigerte brannbåten, og kvifor det var viktig å ha alt klargjort på land før dei legg lensene ut.
Opprettar Bømlo skogbrannreserve
- Me har ein god gjeng som ynskjer å stilla opp når det verkeleg gjeld. Bømlo skogbrannreserve er ei gruppe frivillige som vil bidra ved større hendingar, særleg ved skogbrann. Me varslar dei via telefonliste, og når behovet oppstår, kan dei raskt koma på plass, opplyste Halleraker.
Dei frivillige får opplæring og kan hjelpa til med fleire viktige oppgåver som å leggja ut slangar, delta i sløkkjearbeid, halda vakt etter innsats og bidra ved oljevern. Mange av dei har dessutan erfaring frå sjø og maritimt arbeid, noko som styrkjer beredskapen ytterlegare.
Beredskapsleiar Frode Sagvaag sørga for grilpølser til alle brannmannskapa under sommaravslutninga ved Kulleseidkanalen.
Simon Knutsson Sortland
- Målet er å ha rundt 30 personar på lista. Då aukar sjansen for at minst ti kan stilla når me treng dei. Samstundes jobbar nabokommunane våre med liknande ordningar, og me ønskjer å byggja samarbeid på tvers av kommunegrensene, understrekar brannsjefen.
Nyleg fekk Bømlo brann og redning 350 000 kroner frå Sparebanken Norge. Pengane skal gå til utstyr for dei frivillige, mellom anna klede, hanskar og pustevern. Det er og planlagt kurs, og målet er å ha ordninga klar tidleg på hausten.
Fotosession og grilling
Beredskapsleiar Frode Sagvaag fekk dirigert alle køyretøya i ein halvsirkel og stilt opp mannskapa slik at dei forma naudnummeret 110 til brann. Brannmannskap Morten Lønning var dronefotograf.
Etter orienteringa var alt klart for brus og pølser i brød med beredskapsleiaren som grillmeister. Med mannskap, moderne utstyr og frivillige i ryggen går brannvesenet sommaren i møte med styrkt beredskap og tryggleik for innbyggjarane.